Regjeringa hentar 50 personar frå Hellas etter storbrann

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi set i gang no, seier Solberg.

– Det avklarte vi i dag tidleg etter at vi såg bileta, seier ho vidare.

Natt til onsdag stod asylleiren Moria på øya Lesvos i brann. Fleire tusen har vorte evakuerte frå leiren, som var sett i karantene på grunn av koronasmitte.

– Vi har vedteke at vi skal hente 50 personar frå Moria-leiren, primært barnefamiliar, og behandla deira asylsøknadar, seier Solberg til NRK .

Dei 50 personane vert trekt frå kvota på 3000 kvoteflyktningar som Regjeringa har sagt dei skal ta i mot i år.

– Kaotisk situasjon

Ifølgje statsministeren har det lenge vore klart kor mange asylsøkjarar frå Hellas som Noreg vil hente ut.

– Instruksen for dette har lege klar for å sendast i det vi såg rørsle i andre land, seier Solberg.

Etter forhandlingar i mai vart regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF samde om at Noreg skal hente asylsøkjarar frå Hellas, føresett at 8–10 andre land gjer det same. Så langt har sju andre land henta.

Statsministeren seier regjeringa ønskjer å setje i gang no, trass i at minstekravet ikkje er innfridd.

– Vi har sagt at no bør vi setje i gang, på grunn av den situasjonen som er no, sjølv om vi manglar det siste landet for minsteterskelen vi sette, seier Solberg.

– I den situasjonen og det kaoset som er no, så er det greitt at vi berre kjem i gang, legg ho til.

Hentar ut familiar frå Moria-leiren

Iselin Nybø (V) ønskjer å vite om opptakssystemet til høgare utdanning i Noreg fungerer godt nok. Foto: Marte Garmann

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier til NTB at regjeringa lenge har vore tydelege på at Noreg bør ta eit ansvar for Moria-flyktningane som ein del av eit felleseuropeisk ansvar.

– Vi set no i verk avgjerda til regjeringa om uthenting av sårbare familiar med barn frå Moria-leiren. Med tanke på den dramatiske situasjonen som no har oppstått, er det endå meir påtrengande at Noreg tek sin del av ansvaret for å avhjelpe situasjonen, seier næringsminister Iselin Nybø (V) til NTB.

Vil bli koronatesta

Førre veke gjekk barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) ut i VG der han sa at regjeringa snart var klare til å hetne barn frå Moria-leiren.

– I dag kan vi seie at arbeidet med at Noreg skal hente barn frå Moria startar, seier Ropstad.

Han legg til at alle asylsøkjarar som får komme til Noreg vil bli koronatesta.

– Det er god plass på Råde, dei skal testast før dei reiser, og vil gå rett i karantene og handterast på mottakssenteret på Råde, seier Ropstad.

Øvst frå venstre: Skodespelar Helene Bergsholm, Ole Christoffer Ertvaag, Inga Ibsdotter Lilleaas, Tobias Santelmann, filmregissør Iram Haq og redesignkjendis Jenny Skavlan er blant dei som ber regjeringa evakuere borna frå Moria-leiren. Foto: Instagram