«Regjeringa drit i våre meiningar og ikkje minst i menneska i Moria»

Inger Christin Hystad Barane
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa, skjerp dykk!

Sjølv om det nesten er umogleg å tenke seg til, har situasjonen i Moria blitt endå verre enn det den var før.

13 000 menneske lid, og mange av desse er unge barn som er åleine. I tillegg til dette er flyktingleiren opphaveleg designa for berre 3000 menneske.

Medan vilkåra i leiren allereie var svært dårlige, brenn den no til grunnen og likevel vel regjeringa å berre hjelpe 50 personar der ifrå.

Bystyret i Bergen har sagt at dei sjølv kan ta i mot 50 stykk, ordføraren i Oslo har sagt at dei er klare for å ta i mot 50 stykk berre i Oslo.

Kvifor vil ikkje regjeringa hjelpe fleire?

Kvifor vil ikkje regjeringa hjelpe fleire?

Dette handlar om solidaritet og medkjensle. Det handlar om å bry seg om andre og ikkje berre seg sjølv. Men gong på gong viser ikkje regjeringa evne til dette.

I fleire månadar har folk gjeve beskjed om at nok er nok, det har vore store kampanjar og demonstrasjonar. Det har vore store avisoppslag og debattar om Moria.

Men regjeringa held fram å late som ingenting har skjedd.

Eg er så lei av å høyra argumentet om at me kan ikkje ta inn fleire flyktningar til Noreg,  fordi det øydelegg det norske samfunnet, og det blir for dyrt.

Det norske samfunnet hadde ikkje eksistert uten flyktningar. Uten flyktningar hadde me ikkje hatt nok folk til å gjere alt arbeidet landet vårt treng for å gå rundt. Flyktningar er ein kjemperessurs, gjennom arbeidskrafta og skattepengane deira har dei vore med på å bygge opp det norske samfunnet. Med flyktningar får me òg eit fleirkulturelt samfunn som inkluderer fleire.

Men dette handlar ikkje om ressursar eller om kulturar, det handlar om solidaritet. Det handlar om kva som er rett og kva me kan gjere for å hjelpe til.

Alle fortener tryggleik og hjelp når det trengs, ikkje fordi dei har god arbeidskraft eller er ein ressurs, men fordi dei er menneske. Akkurat som meg og deg. 

Forholda som er i Moria no er ubeskrivelege.

Forholda som er i Moria no er ubeskrivelege.

Sjå på kor mykje Noreg har forandra seg i løpet av dette året. Me er eit velfungerande land, med god råd og mykje plass. Tenk då på korleis det er for barna og resten av flyktingane i Moria no.

Dette er ikkje ein leik eller ein film. Dette står om liv og død. Me må ta tak no, og me må hjelpe så mange me kan – ikkje berre 50 stykk.

Eg ber regjeringa og folk der ute om å sjå desse barna som er åleine i leiren. Familiar som ikkje har ein heim og alle folka som lid.

Ver så snill, å sjå dei rundt deg og vis solidaritet. 2020 har øydelagt mange liv, no har me moglegheita til å redde nokon.

Kva er det me ventar på? Kva er det som stoppar dykk? Kvifor høyrer de ikkje på folket og kva me har å seie? 

Eg er lei. Eg er lei av å ikkje bli høyrd, eg er lei over at folk ikkje tek oss på alvor, men ikkje minst er eg skikkeleg skuffa over regjeringa som drit i våre meiningar og ikkje minst i menneska i Moria.

Tida var inne for lenge sidan, men no er det nødvendig.

Evakuer Moria no!


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Leiar i Press Redd Barna Ungdom, Lea Mariero , meiner regjeringa gjer for lite når dei legg opp til å hente 50 flyktningar frå Moria-leiren på Lesvos. Biletet til høgre viser flyktningar som rømmer frå den andre store brannen som råka leiren onsdag 9. september. Foto: Press og AP Photo/Petros Giannakouris