Ungdomsparti heldt Moria-markering rundt Stortinget: – No må regjeringa handle!
Fleire ungdomsparti meiner at Noreg må bidra meir for å hjelpe menneska i Moria. Fredag morgon markerte dei dette ved å stå i sirkel rundt delar av Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nokre ungdomsorganisasjonar deltok òg i solidaritetsmarkeringa som hadde bodskapen: Noreg må bidra meir. Vi står saman med flyktningane i Moria.
Blant ungdomspartia og organisasjonane som var knytt til markeringa, er Unge Venstre, KrFU, Senterungdommen, AUF, SU, Raud Ungdom, Press, Lightup og Changemaker.
- Les meiningsinnlegget frå Stord SU: «Regjeringa drit i våre meiningar og ikkje minst i menneska i Moria»
– No må regjeringa handle!
Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, var blant dei som deltok i demonstrasjonen.
– Me har lenge visst at forhalda i Moria-leiren er umenneskelege, og nå er det blitt endå verre, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
SU-leiaren peikar på at 125 kommunar har sagt at dei vil ta imot menneske frå Moria.
– Det er åpenbart at vi kan ta imot fleire enn 50 personar. Noreg har plass, me har råd og me har hjarterom. No må regjeringa handle!
– Situasjonen er kritisk
Press-leiar Lea Mariero meiner at Moria var ein varsla katastrofe.
– 13.000 flyktningar var stua saman i ein leir bygd for 3.000, og fleire hadde testa positivt for koronaviruset. No har leiren brunne ned og situasjonen er kritisk. Noreg har ressursar og kapasitet til å ta imot betydeleg meir enn 50 asylsøkjarar frå dei greske flyktningøyane, seier ho til NTB.