Press om regjeringa si Moria-nyheit: – Latterleg lågt tal
Press-leiar Lea Mariero kallar det symbolpolitikk å hente 50 flyktningar frå Moria-leiren og meiner regjeringa burde henta fleire hundre for lenge sidan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– At regjeringa går ut same dag som det er blitt kjent at Moria har brunne ned og seier at ein skal hente 50 asylsøkjarar er tragikomisk, seier Lea Mariero, leiar i Press – Redd Barna Ungdom i ei pressemelding.
Same dag som verda vakna opp til nyheitsbilete av storbrannen i flyktningleiren Moria på den greske øya Lesvos kom statsministeren med nyheita om at regjeringa vil hente 50 personar frå leiren til Noreg.
– Ei varsla katastrofe
Press-leiar Mariero meiner 50 asylsøkjarar er eit «latterleg lågt tal», når ein ser på kor kritisk situasjonen i Moria er og kor mykje ressursar Noreg har.
Ho tolkar tiltaket som symbolpolitikk frå regjeringa si side og meiner dei burde teke ei avgjersle om å hente fleire hundre flyktningar for lenge sidan.
– Situasjonen i Moria har vore kritisk lenge og det er flautt at regjeringa ikkje har gjort noko før. Det var ei varsla katastrofe med nesten 13.000 flyktningar i ein leir bygd for 3000. Halvparten av dei som var i leiren er barn, og fleire har fått påvist smitte av koronaviruset. Likevel har regjeringa vald å sitje stille å sjå på heilt fram til leiren no har brunne ned, seier ho i pressemeldinga.
- Les også: Karpe gir bort inntektene – vil betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar
Kjendisar for Moria
Ungdomsorganisasjonen til Redd Barna er ikkje åleine om å engasjere seg for Moria i kjølvatnet av brannkatastrofen som råka flyktningleiren Moria.
I april vart oppropet «Evakuer barnefamilier fra Moria nå!» overlevert Justisdepartementet. 21 organisasjonar hadde tilslutta seg oppropet, som hadde samla 46.350 underskrifter.

Øvst frå venstre: Skodespelar Helene Bergsholm, Ole Christoffer Ertvaag, Inga Ibsdotter Lilleaas, Tobias Santelmann, filmregissør Iram Haq og redesignkjendis Jenny Skavlan er blant dei som ber regjeringa evakuere borna frå Moria-leiren. Foto: Instagram
Norske kommunar vil ta imot fleire
Også 112 norske kommunar har skrive under på eit opprop, der dei seier seg villige til å ta imot mindreårige frå Moria-leiren. Ein av desse er Bergen, der byrådet no kritiserer regjeringa.
– Eg kan ikkje begripe at dei set grensa på 50 personar frå Moria-leiren. Vi kan ta imot 50 frå Moria åleine, seier Katrine Nødtvedt (MDG), byråd for kultur, mangfald og likestilling til NRK.
Ho meiner regjeringa burde kunne ta imot 500 asylsøkarar frå Moria.
I kjølvatnet av brannkatastrofen har fleire oppdatert Facebook-profilane sine med banneret#50erikkenok frå organisasjonen Dråpen i havet og delt Instagram-innlegg med same emneknagg.
Ein av dei som har engasjert seg sterkt i saka er Instagram-poet Trygve Skaug, som har fått med seg biletkunstnar Ståle Gerhardsen og collagekunstnar Miss Printed på denne illustrasjonen.
View this post on Instagram
- Les også meiningsinnlegget frå Ida Johanne Aadland: «Eg orkar ikkje ei verd der døde ungar flyt i land fordi me har bestemt at Europa skal vere stengt for dei»