Klimapakken til EU er over 500 gonger større enn den norske

Sist veke la EU fram ein kraftig klimapakke som skal få fart på det grøne skiftet i Europa. EU set av over fem gonger så mykje per innbyggar som den norske regjeringa la fram sist veke.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.06.2020 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU har fått stor merksemd internasjonalt for den grøne gjenoppbyggingsplanen (Green Deal) som blei lagt fram onsdag 27. mai.

EU set av totalt 750 milliardar euro til gjenoppbygging av økonomien etter koronakrisa, og lovar at ingen av desse tiltaka skal gjera skade på klimamåla til unionen.

Av heile gjenoppbyggingspakken er ein fjerdedel sett av til grøne tiltak. Med dagens kurs blir det rett over 2000 milliardar kroner til klimatiltak i EU.

Vil hjelpa lokalsamfunn med omstilling

Hydrogen blir eitt av satsingsområda for det nye energisystemet til EU. Det kan Noreg få fordelar av viss pengane blir kanalisert gjennom EU-program der Noreg er med, ifølgje eit NRK-intervju med direktør for berekraft i Sintef, Nils Røkke.

EU reknar med at den grøne tiltakspakken vil skapa éin million jobbar i Europa. For å redusera motstanden mot klimatiltaka, har EU sett av 40 milliardar euro til eit fond for rettferdig omstilling.

Dette fondet skal hjelpa arbeidarane i forureinande industriar, som til dømes kolindustrien i Polen, inn i nye jobbar, melder The Guardian.

Rotevatn: – Utruleg bra

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er svært glad for den grøne pakken til EU.

– Det er utruleg bra at EU har ein grøn profil på pakken sin, for det var ikkje gitt at dei ville ha. Det dei seier til meg og resten av verda, er at dei har tenkt til å gjennomføra European Green Deal heilt uavhengig av covid-19, seier han til Framtida.no.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er glad for klimapakken til EU, men meiner det ikkje er så lett å samanlikna dei to pakkane. Foto: Svein Olav B. Langåker

Vil ikkje samanlikna med norsk pakke

På fredag, to dagar etter EU, la den norske regjeringa fram ein grøn omstillingspakke på 3,6 milliardar kroner. Det gir mellom anna to milliardar kroner som næringslivet kan søka på hos Enova.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) meiner det ikkje er så lett samanlikna den norske pakken med den grøne omstillingspakken til EU:

– Det første er Noreg på fleire måtar medlem av EU, i den forstand at det er pengar som går til program som me er med på å betala inn til, og som me nyt godt av. Så det å skapa eit skilje mellom Noreg og EU på den måten er litt rart.

– Det andre er at me har kome med fleire krisepakkar. Og ein del av det som har lege der har også vore til grøne investeringar.

Pengar til Nysnø, grøn skipsfart og andre grøne satsingar som regjeringa tidlegare har løyva pengar til, er ikkje med i pakken på 3,6 milliardar som kom fredag.

– For ikkje å snakka om at me må bruka pengar på mykje anna som EU ikkje treng fordi dei ikkje er ein nasjonalstat, som for eksempel det å betala for permitteringar og betala for helseutgifter, understrekar Rotevatn.

Får kritikk

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Regjeringa har fått kritikk frå både miljøorganisasjonar og fagrørsla for storleiken på den grøne omstillingspakken. Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie kallar klimapakken eit spytt i havet samanlikna med kva anna næringsliv får.

15 fagforeiningar og miljøorganisasjonar krev i eit opprop at regjeringa finansierer og planlegg prosjekt som gir fleire norske klimajobbar.

Kan koma meir

I eit intervju med Framtida.no på fredag opnar klima- og miljøministeren for at det kan koma meir:

– Me gjer det som skal til for å få Noreg gjennom dette her. Blir det nødvendig så vil me koma tilbake med meir, men me trur det som no er lagt fram treff godt, sa Sveinung Rotevatn (V).

Betine Reigstad er leiar i ungdomsutvalet til verkstadklubben på Noregs største verft, Kværner Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Her er nokre av klimatiltaka EU er samde om:

  • 91 milliardar euro i året til grøn oppvarming og enøk-tiltak i hus, som til dømes solceller og betre isolasjon i hus. EU håpar støtta vil stimulera private investeringar til 350 milliardar euro per år.
  • 25 milliardar euro til fornybar energi i løpet av to år
  • 20 milliardar euro til utleppsfrie bilar over to år og to millionar ladepunkt innan fem år
  • 40-60 milliardar euro til utsleppsfrie tog
  • 20 milliardar euro frå eksisterande EU-fond til sykkelstiar og utsleppsfri kollektivtransport.
  • 30 milliardar frå eksisterande EU-fond til produksjon av éin million tonn rein hydrogen.

Kjelde: Reuters