Ny rapport: Ingen land gjer nok for å beskytta barn frå klimakrisa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen land i verda gjer nok for å beskytte borna sine for klimakrisa og samanbrot av økosystem, ifølgje ein rapport som vart publisert i The Lancet onsdag.

I studien, som er gjennomført av Lancet, Verdas helseorganisasjon (WHO) og UNICEF har over 40 forskarar teke føre seg data frå 180 land.

Noreg på topp tre

Forskarane meiner barna si helse og velvære er truga av eksistensielle miljøtrugsar i alle dei aktuelle landa.

Ikkje overraskande fann forskarane ut at barn frå land med høgt karbonavtrykk hadde ei sunnare framtid, enn dei frå lågutsleppsland.

Barn frå Noreg, Sør-Korea og Nederland hadde aller best sjanse til å få god helse, utdanning og næring. Ifølgje tal frå Verdsbanken har både Noreg og dei to andre landa utslepp på om lag 10 tonn COper innbyggjar.

I andre enden av skalaen ligg Somalia, Tsjad og den sentralafrikanske republikken, som har mellom 0,05 og 0,07 tonn CO2-utslepp per innbyggjar.

Awa Marie Coll-Seck frå Senegal jobbar med helserelaterte spørsmål som særleg råkar den tredje verda. Foto: Hervé Cortinat/OECD

Fryktar for framtida

Ein av deltakarane i kommisjonen, Awa Coll-Seck frå Senegal, peika på korleis dei fattigaste landa med lågast utslepp er dei som vert hardast råka.

– Meir enn to milliardar menneske bur i land der utviklinga vert hemma av humanitære krisar, konflikar og naturkatastrofar, problem som i stadig større grad er knytta til klimaendringar, seier Coll-Seck i ei pressemelding.

Helen Clark, som er tidlegare statsminister i New Zealand peikar på at den positive utviklinga der barn og unge får stadig betre helse kan vere i ferd med å snu.

Ho viser til estimat som peikar på at rundt 250 millionar barn under fem år i låg- og mellominntektsland risikerer å ikkje nå sitt fulle potensial, på grunn av fattigdom.

– Men endå meir alvorleg er det at alle barn verda over no står ovanfor eksistensielle trugslar frå klimaendringar og kommersielt press, seier ho i pressemeldinga.

Collage med bilete frå Children VS Climate change