Det kjem fram av ein rapport som vart lagd fram for FNs menneskerettsråd måndag.
Rapporten er skriven av spesialrapportør David R- Boyd, etter eit tolv dagar langt besøk i Noreg i september 2019, der han møtte både styresmakter, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og næringsliv.
Bør forby vidare leiting

I fråsegna som er no er lagd på bordet, heiter det at Noreg bør forby vidare leiting etter fossilt brensel, la vere å utvikle infrastrukturen i næringa og også forby dei mest ureinande og miljøskadelege formene for olje- og gassutvinning.
Boyd peikar òg på at vi bør sikre oss ein god plan for folk og lokalsamfunn som er avhengige av industrien i dag.
- Les også: Fleire unge er positive til olje
– Absurd at Noreg ikkje tek ansvaret sitt

Boyd peikar òg på at Noreg bør sikre seg ein god plan for folk og lokalsamfunn som er avhengige av industrien i dag.
Leiar Therese Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom seier at det er heilt absurd at Noreg ikkje tar det rettmessige ansvaret sitt og kuttar CO2 der det verkeleg gjer ei endring.
– Kvart år eksporterer Noreg 500 millionar tonn med CO2 i form av olje. Etter andre runde av klimasøksmålet i Borgarting lagmannsrett vart det bestemt at Noreg òg må ta ansvar for utsleppa som blir eksporterte. Dette kan gjerast ved å byrje nedtrapping i oljesektoren, seier ho.
Frp meiner andre land bør få same beskjed
Frp meiner det er absurd å påstå at ei styrt avvikling av det norske velferdssamfunnet er vegen å gå for å redusere dei globale klimautsleppa.
– FNs spesialrapportør kan jo starte med å lufte denne ideen for sine eigne oljeproduserande medlemmer i menneskerettsrådet. Dette er land som truleg over natta ville ha tatt over oljeproduksjonen vår med langt høgare utslepp, seier energi- og miljøpolitisk talsperson Jon Georg Dale i Frp.
