Regjeringa foreslår 3,6 milliardar til grøn omstillingspakke

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 01.06.2020 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengane er ein del av ein større tiltakspakke som blir offentleggjord seinare fredag, skriv NRK.

Totalt 3,6 milliardar kroner skal gå til ekstra tiltak for å støtte næringslivet og samtidig få ned klimagassutsleppa i Noreg.

Satsar på klimateknologi

2 milliardar kroner går til Enova under eit eige mandat.

– Dette vil særleg rette seg inn mot industrien og klimateknologi der, og så peikar vi ut nokre område der vi meiner det er særleg potensial. Det handlar mellom anna om leverandørindustrien og maritim næring, men nøyaktig kva prosjekt som får støtte, får ekspertane bestemme, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tema som hydrogen, batteriteknologi, havvind og grøn skipsfart kan vere aktuelt, seier han.

Grøn konkurranseplattform

I tillegg blir det foreslått 1 milliard kroner over tre år til ei såkalla grøn konkurranseplattform.

Denne skal vere eit samarbeid mellom tre andre statlege verksemder.

Det første året får Forskingsrådet 192 millionar kroner, Innovasjon Noreg 102,5 millionar kroner og Siva 38,5 millionar kroner.

Desse pengane er meir retta inn mot forsking og utvikling. Samtidig kan det vere aktuelt for bedrifter å søkje pengar både i denne og Enova-ordninga.

600 millionar kroner går til andre tiltak.

Klimaendringar har rykka frå 3.plass våren 2019, til 1.plass hausten 2019. Tal: Kantar/Klimabarometer 2019. Grafikk: Framtida.no. Foto: Markus Spiske/Unsplash