«Kvifor inkluderer ikkje regjeringa alle landets studentar?»

Aleksandra Hoel
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er bakgrunnen for saka: Studentkrisepakken

Det er sårande å sjå vaksne menneske vere så uvitande om kven landets studentar er.

Trine Skei Grande sa under debatten torsdag at med dette lånet klarar dei seg til sommaren, så kan dei jobbe på sommarjobben sin. Trur regjeringen vi er VGS-elevar? Vi er ikkje 19 år med ein sommarjobb.

Så eg oppmodar regjeringa til å sjå på kven landets studentar eigentleg er.
Vi er single, vi er i sambuarskap, vi er gifte, vi har barn, vi er åleineforeldre, vi har bustadlån, vi er bedriftseigarar, vi er 19-50+ år, vi kjem rett frå vidaregåande, vi har jobba i nokre år før vi fann ut av kva vi vil bidra med til samfunnet, vi etterutdannar oss, tek utdanning som påbygg for høgare løn. Vi jobbar 10%, 30%, 50% og høgare. Vi er det norske folk. Vi er framtida. Vi er landets byggeklossar og er verd å satse på.
At det finst ei retningslinje hos NAV som seier at studentar ikkje blir sett på som reelle arbeidssøkarar fordi dei har studiet som hovudfokus, er som å ikkje verdsetje den arbeidskrafta vi er. Vi tek alle dei skifta fulltidstilsette ikkje vil ta. At studiet blir sett som ein jobb er bra, for det er det, men det  betyr at eg har to jobbar og er tilsett 150%.
Kvifor skal den eine jobben min hindre meg i å få dagpengar frå den andre jobben min? Vi har signerte kontraktar med dei same forventingane frå arbeidsplassen, staten og samfunnet som ein kva som helst 50%-tilsett har, og vi skattar like mykje.
Kvifor driv regjeringa og seier på riksdekkande TV at vi må lage krisepakkar for alle: inntektssikring, ta vare på alle, spesielt dei som no kan falle utanfor – men ikkje inkludere alle landets studentar?
Ta vare på norges arbeidarar, ta vare på landets alle!

Har du noko på hjarta om denne saka eller noko heilt anna? Send til tips(a)framtida.no!