200.000 studentar får denne veka tilbod om tilleggslån
Gjennom veka får over 200.000 studentar tilbod om tilleggslån på 26.000 kroner, som skal gå til dei som har mista inntekt på grunn av koronakrisa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For å få pengane på konto må studentane kunne dokumentere at dei har mista inntekt på grunn av koronakrisa.
– Desse pengane sørgjer for at mange studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, får meir pengar å rutte med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
- Har du fått med deg denne? Irane betalar tilbake 173 år gamal teneste til koronaråka urfolk
Studentane vil få ein e-post frå Lånekassen, som vil bli send ut puljevis over fleire dagar. Dei som har rett til det, kan logge seg inn for å søkje på tilleggslånet, der 8.000 kroner blir omgjort til stipend.
Dei som søkjer, må fylle inn ei eigenerklæring som stadfestar nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni 2020 på grunn av koronautbrotet. Pengane vil bli utbetalte i løpet av nokre dagar.