«Eg forsøker å vere flink, men mistar snart motivasjonen»

Karoline Skarstein, student
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det vert snakka varmt om den kollektive dugnaden, om solidariteten, om korleis vi no skal halde sosial distanse av omsyn til heile fellesskapet og utflating av diverse kurver.

Alle skal ofre noko, men denne ofringa kjennest likevel svært tilfeldig.

Heime åleine, utan terapi

For no over ei veke sidan fekk eg beskjed om at all oppfølging og terapi var kansellert på ubestemt tid, og eg er på ingen måte den einaste.

For ei veke sidan skreiv Aftenbladet om korleis psykiatriske pasientar blei skriven ut av frykt for smitte. Tusenvis av nordmenn har fått utsett eller avbrote viktig oppfølging. Og det er i grunn forståeleg, hadde denne frykta for smitte vore konsekvent i resten av samfunnet.

Eg har stabla toalettrullar, omorganisert bokhylla mi fleire gongar

Den siste veka har eg for det meste sitte åleine innandørs på mine drygt femten kvadratmeter og forsøkt å aktivisere meg sjølv. Eg har stabla toalettrullar, omorganisert bokhylla mi fleire gongar og funne nye kreative sittestillinger i den litt slitte sofaen min. Og eg har skamma meg over å slite litt med den nye stilla.

Angstanfall og raseri

Det har vore vanskeleg å sjå innboksen fyllast opp av avlysingar, vanskeleg å leve med å ikkje skulle ha nær sosial kontakt på ubestemt tid. Og allereie på dag to byrja eg å få problem, angstanfall om nettene osb. Men eg har følgt alle oppmodingar, uansett kor tøft det har vore.

Då raste det litt i meg då eg for første gang på over ei veke drista meg til å ta turen igjennom Stavanger

Då raste det litt i meg då eg for første gang på over ei veke drista meg til å ta turen igjennom Stavanger sentrum og oppdaga at gater, kafear og bakeri slett ikkje var tomme. Folk haldt seg på ingen måte heime, tvert i mot, dei sat tett i tett både inne og ute som om ingenting var annleis.

«Karantenefest» og fotballtrening

Og då byrjar det å kjennast litt fåfengt. Medan nokon vaskar hendene som galne og nærast ikkje tør å klemme foreldra sine, står folk i lange køar på IKEA, ungdom ravar rundt i gatene, kjøpesentra er framleis opne og det vert invitert til «Karantenefest». Samstundes rykker politiet ut til ungdom som speler fotball.

Anten får styresmaktene vere konsekvente og stenge ned alt som ikkje er tvingande nødvendig å halde ope, elles kjem fleire og fleire til å begynne å gli tilbake til vanleg kvardag.

Illustrasjonsfoto: Zhen Hu/Unsplash/Privat.