Berre 1 av 6 synest den psykiske helsehjelpa i kommunen er god

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag blir det presentert ferske resultat frå Helsepolitisk barometer 2019 med etterfølgjande politisk debatt. Ifølgje president Tor Levin Hofgaard i Norsk psykologforeining, viser tala at berre 16 prosent vurderer at tilgangen til psykisk helsehjelp i eigen kommune er god. Det overraskar og bekymrar han.

– I nokre kommunar kan det verke som om gode psykiske helsetenester er ei godt bevart hemmelegheit. Vi risikerer at folk går glepp av viktig helsehjelp, seier han i ei pressemelding.

Les også om initiativet «Hey man!» som skal nedkjempe einsemd hjå menn: – Nokon må ta ansvar for mennene, seier Andreas Emil Hjertaker (33).

– Det finst

Ifølgje Hofgaard er tala meir eit teikn på at kommunane ikkje er gode nok til å synleggjere eigne hjelpetilbod, enn at tilbodet faktisk ikkje er bra nok.

– Skal tilbodet komme befolkninga til nytte, må folk vere klar over at det finst, på linje med tilbod vi tar for gitt viss vi blir fysisk sjuke, seier han.

Han påpeikar at alle kommunar frå 2020 er lovpålagt å tilby psykologkompetanse til innbyggarane.

Les også saka om positiv psykologi: – Eg saknar meir openheit i kvardagen

Ni av ti når mål

Sidan 2011 har helsestyresmaktene gitt tilskot for at kommunane skal kunne tilsette psykologar i kommunale helsetenester. Ei oversikt frå Sintef viser at tilskotsordninga i 2018 bidrog til 550 psykologar i 311 kommunar og bydelar. Psykologane skal samarbeide tett om psykiske helsetenester med andre faggrupper i kommunane.

Ifølgje Psykologforeningen oppgir ni av ti kommunar at dei oppnår måla med ordninga svært godt eller godt.

Tal frå Helsedirektoratet viser at psykiske lidingar og ruslidingar er diagnosegruppene som kostar samfunnet mest.

Les også om Hardanger ungdomsråd som er krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

– Det er faktisk noko som står om liv og død. Det er ikkje berre eldre som kan skada seg. Det gjeld oss òg, eller det kan vera besteforeldra våre, seier Marte Kristoffersen (16) frå Granvin ungdomsråd (andre frå høgre), saman med (frå venstre) Tiril Eiken frå Jondal, Bjørk Thorbjørnsen frå Ulvik, Oda Medhus frå Eidfjord og resten av Hardanger Ungdomsråd er ho på Stortinget for å løfta saka.