Peder Kjøs slepper bok om å vere åleine – midt i koronaisolasjonen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 22.03.2020 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis det er å sleppe ei bok om dette temaet i dagens situasjon?

– Det kjennest rart! medgir Kjøs frå leilegheita si der sonen fekk vere fotograf for NTB. Derifrå må han køyre boklanseringa si – medan forlaget Vigmostad & Bjørke, som «Alene» kjem på, blir drive frå heimekontor rundt om.

Den nye boka hans handlar mykje om å vere åleine og einsam – noko som er det verste han sjølv kan førestille seg for eigen del.

– Kva kan vere verre enn å vere ufrivillig åleine, ikkje ha nokon rundt seg som betyr noko for deg, ikkje bety noko for nokon, å vere isolert? seier Kjøs og konstaterer i boka at «ensomhet er en tilstand som går hardt ut over livskvaliteten til svært mange».

«Hva gjør ensomhet med oss, og når er det vi har godt av å være helt for oss selv?» heiter det om Peder Kjøs’ nye bok «Alene». Foto: Vigmostad & Bjørke / handout

Fint å sjå

Dermed handlar boka òg om fellesskap og behovet vårt for å halde saman, flokkdyr som vi er, forklarer kjendispsykologen.

– Eg synest det er fint å sjå korleis dei aller fleste av oss søkjer saman og prioriterer kollektivet no, i staden for at samfunnet raknar og fell frå kvarandre, konstaterer han.

– Det verste som kunne ha skjedd var at vi vart redde for kvarandre, som i ein slik zombieapokalypse som eg skriv om i boka mi, men det er ikkje det som skjer! Vi held kontakten så godt vi kan, om enn på elektroniske kanalar og med smittesikker avstand.

Ikkje lett

Peder Kjøs har i dei seinaste bøkene sine teke for seg både behovet vårt for berøring, og korleis halde oppe eit godt og velfungerande liv etter å ha komme seg gjennom ei krise.

No er han eit flittig brukt intervjuobjekt i samband med effekten til koronapandemien.

På spørsmål om korleis han trur nordmenn vil takle det å halde seg heime i vekevis, anten det er i frivillig eller pålagt karantene, svarer han:

– Det blir ikkje så lett. Vi er vane til å røre oss fritt, og ikkje minst til å bestemme sjølv. Vi har ikkje trunge å lære oss så mykje lydnad, sidan vi lever så trygt det meste av tida.

Heimekontor for Peder Kjøs, som både kjem med boka «Alene» og lanserer ein ny podkast i desse koronatider. Også lanseringsfesten blir på Facebook, trur han. Foto: Alfred Kjøs Oddli

Hugs på å ringe

Samtidig meiner Kjøs vi har det han kallar ei høg grad av tillit til styresmaktene og media, høgare enn i dei fleste andre land, og med god grunn.

– Derfor innrettar vi oss etter råd og forordningar – vi veit jo at dei er godt grunngitte, sjølv om vi òg beheld den kritiske sansen vår. Men å vere skilt frå andre er ei belasting for alle, og særleg for dei som er utsette frå før, seier Kjøs – som har denne oppfordringa:

– Vi må prøve å hugse å ringe eller sende meldingar til dei vi veit treng det litt ekstra akkurat no.

Illustrasjonsfoto: Freestocks/Unsplash