Ny klimarørsle forlanger fossil-exit frå klimaforhandlingar: – Forureinarane må ut

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter klimatoppmøtet i Madrid i fjor var mange unge klimaaktivistar skuffa. Særleg over kor mykje påverknad interessene i den fossile industrien framleis har – både politisk og økonomisk.

Martin Skadal (24). Foto: Privat

– Det er på tide at me får forureinarane ut av forhandlingsrommet. Dei kan ikkje ligga bak når me skal møta klimakrisa. Me må hindra tung lobbyisme frå oljenæringa, og frykt for dei, for å greie å ta avgjerslene ein treng. Då kan det vera lurt å berre sparka dei ut, seier Martin Skadal (24) på telefon til Framtida. 

Bergensaren har blitt med i den nye organisasjonen, Polluters Out.

Dei meiner den fossile industrien held land, vatn, bankar, universitet, styresmakter og klimaforhandlingar (som FNs COP25) som gislar.

«Makta deira på desse samfunnsområda har stimulert til klima-inaktivitet og fornekting i fleire tiår», skriv dei på nettsidene sine.

Skuffa etter COP25

Organisasjonen meiner den fossile industrien kontrollerer alle aspekt av samfunnet vårt: Frå landområde til næringsliv og styresmakter, og såleis også måten klimaforhandlingar vert drive på.

Under klimatoppmøtet var det fleire ungdomsaktivistar som var nære på å bli kasta ut, etter å ha demonstrert mot at leiarar i den fossile industrien skulle delta i forhandlingane og i panel-debattane.

Pollutors Out reagerte på at unge og urfolks-aktivistane vart fjerna frå COP25 i Madrid og meiner fossilindustrien har skulda.

– Me treng eit FN som utvetydig står opp for menneska og klimaet, skriv dei på nettsidene sine.

Saman har dei skapt eit nettverk med unge frå heile verda, i tillegg til ei rekke forskarar som hjelper dei med å formulera krav og politikk.

Vil ha forureinarane vekk frå forhandlinane

– Me er faktisk 223 stykker på Slack no, i alderen 14-28 år, fortel Skadal.

Den nyoppstarta organisasjonen brukar Slack, Skype og andre sosiale medium til å kommunisera med medlemmane sine. Skadal vart med i organisasjonen gjennom sitt nettverk med internasjonale klimaaktivistar på Instagram.

Bergensaren har sjølv bygd opp organisasjonen World Saving Hustle, og er imponert over kor fort initiativtakarane har greidd å samla unge frå heile verda og stabla dette på beina.

På 20 dagar laga dei heimeside, ein fleirspråkleg video, og pressemelding på sju ulike språk i tillegg til ei liste med krav.

Fredag lanserte dei kampanjen: Dei ynskjer at fossil-industrien skal ekskluderast frå COP26.

Underskriftskampanje

På heimesidene ligg også ein underskriftskampanje, der ein mellom anna kan skriva under på at ein er imot all pengehjelp frå fossil industri-bedrifter til å finansiera, sponsa eller påverka planar, forhandlingar og utfall frå COP26. Denne skal leverast til generalsekretæren for FNs klimakonvensjon, Patricia Espinosa.

Aktivistane vil ikkje at rike toppleiarar skal delta i forhandlingane.

«Deira interesser burde ikkje bety meir enn folket sine. Eg forlanger at Klimakonvensjonen ikkje lenger vil la sjefar, representantar og andre frå fossil-industrien delta i forhandlingar og diskusjonar med verdsleiarane på COP», står det mellom anna.

Skadal har vore oppteken av å ikkje vera så generaliserande som mange klimaaktivistar kan vera i møte med fossilindustrien.

– Det blir ofte veldig steile frontar. Oss mot dei. Dei har pengar og kapasitet, og eg ynskjer å samarbeida med dei. Å få dei verste til å bruka makta si til å bli dei beste. Men det skjer jo ikkje i det heile tatt så langt. Så lenge dei har masse makt og pengar vil dei berre halda fram. Det øydelegg planeten.

Han meiner difor dei er nøydde til å prøva noko nytt. 

– Innan COP26, vil vi ha mindre enn ti år på å få verdsleiarar til å handla, bremsa opp og stabilisera klimaendringane. Vi er langt forbi vendepunktet, skriv organisasjonen på sine nettsider.

Kart over alle stader der organisasjonen har medlem. Over 40 land er representerte. I Noreg er det berre Martin Skadal i Bergen som er med, så vidt han veit.

Hykleri

Organisasjonen trekker fram at nokre av dei største forureinarane dei siste tiåra, også har hatt størst påverknad på å setje retningen når dei globale klimaavtalane har blitt laga.

«Dette er openlyst hykleri, og endå verre er det at selskapa som har ført oss inn i denne krisa, latar som om dei er pionerane av løysningane.»

Dei ynskjer å «sparka» ut fossil energi, ein gong for alle, og meiner FN bøyer seg for pengar frå fossilindustrien.

Dei tre hovudkrava deira er:

  • At FNs klimakonvensjon (The United Nations Framework Convention on Climate Change) må avvisa pengar frå fossil energi til COP-møtet og ikkje lenger let selskap innanfor fossilindustri, leiarar og lobbyistar delta i forhandlingar, panel-debattar og viktige diskusjonar.
  • At urfolk sine rettar og menneskerrettar blir lagt til artikkel 6 i Paris-avtalen.
  • Auka gjenomsiktigheit.

Planen framover er å bygga opp lokale avdelingar, og arbeida med å konkretisera ulike krav til ulike regjeringar og styresmakter.

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat