Slutterklæringa frå klimatoppmøtet: – Den verste teksten eg nokosinne har sett

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så er det over, det store klimatoppmøtet COP25 i Madrid, i året som for mange har vore det store Klimaåret.

Men korleis gjekk det eigentleg?

Generalekretær i FN: – Eg vil ikkje gje opp

Antonio Guterres, Generalsekretær i FN, held tale under COP25 i Madrid 2019. (AP Photo/Paul White)

Generalsekretær i FN, António Guterres, har oppsummert sine inntrykk i ei pressemelding:

«Eg er skuffa over resultata frå COP25. Det internasjonale samfunnet mista eit viktig høve til å vise aukte ambisjonar finansielt, på skadebegrensing og tilpassing og for å takla klimakrisa.

Men me må ikkje gje opp, og eg vil ikkje gje opp. Eg er meir bestemt enn nokonsinne på å jobba for at 2020 blir året der alle land forpliktar seg til å gjera det vitskapen fortel oss at er nødvendig, for å nå karbonnøytralitet i 2050 og ei temperaturauke som ikkje overstig 1,5 grader.»

Heilt sidan starten av Parisavtalen har det vore forhandlingar om spelereglane, noko som også var målet for dette møtet. Men dei vanskelege forhandlingane er framleis uløyste, og utsette til neste års møte.

Mellom anna er det framleis usemje om reglane for kjøp og sal av klimakvoter og hjelp til fattige land for å takla klimaendringane. Det siste er også noko Fridays for Future kravde, under sin skulestreik på klimatoppmøtet i Madrid, fredag.

Også Greta Thunberg seier at klimaungdomen ikkje vil gje opp.

– Rysta over forhandlingane

12. desember for fire år sidan vart Paris-avtalen innført. Eit halvt år seinare var den signert av dei fleste land, og i dag er den signert av 195 land. Den historiske avtalen starta eit nytt og optimistisk syn på framtida og å takla klimakrisa.

Carlos Fuller. Foto: FN/Flickr/2016

Men etter klimatoppmøtet ser det ut som mange har mista optimismen. Carlos Fuller er hovudforhandlar for små øystatar som allereie vert påverka av klimakrisa, og meiner COP25 viste lite ambisjon.

– Me er rysta over forhandlingane. (..) Det som ligg føre oss no, er så mange djuptgåande kompromiss at det understrekar mangelen på ambisjon, alvor om klimakrisa og det presserande behovet for å sikra framtida til øyene våre, seier han ifølgje FN.

Sverige sin miljøvernminister, Isabella Lövin, seier til NRK at tilliten mellom landa er i ferd med å bli svekka.

– Etter Parisavtalen hadde heile verda ei kjensle av at me kan gjere dette saman, men det har heilt forsvunne.

Ho forklarar at det heng saman med at USA no går ut av Parisavtalen, noko som skapar stor uro blant utviklingslanda om kven som skal finansiera kutta, og ikkje minst om det store utsleppslandet USA faktisk kjem til å kutta i sine eigne utslepp.

– Den verste teksten eg nokosinne har sett

Mohamed Adow. Foto: Stephan Röhl/Flickr/2011

Etter utkastet til slutterklæringa kom frå vertslandet Chile på laurdag, vart det sterke reaksjonar frå fleire internasjonale aktørar, ifølge NRK.

Mohamed Adow er energi- og klimadirektør i Power Shift Africa og kalla teksten for ei katastrofe.

– Dette er den verste teksten eg nokosinne har sett i dei ti åra eg har fulgt klimatoppmøtene, sa han ifølge NRK.

Alden Meyer, strategidirektør i Union of Concerned Scientists, har fulgt møtene sidan starten i 1991. Han meiner han aldri har sett eit så stort gap mellom det vitskapen treng, folk i verda krev og det forhandlarane leverer.

Hovudkritikken går på at teksten ikkje oppmodar landa til å kutta meir utslepp. Etter mykje arbeid vart dette likevel lagt inn i teksten sundag.

Elvestuen: – Me er i ei klimakrise

Også Noreg er av landa som ynskte ein sterkare tekst. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), sa også i sin tale til FN at han er skuffa over at møtet ikkje greidde å kome til semje om meir gjennomsiktigheit på kva landa gjer.

– Me er i ei klimakrise, og vedtaka på dette klimatoppmøtet svarar ikkje på den radikale omstillinga verdas land må ta ansvar for, seier han ifølgje NTB. 

I slutten av november hadde over 30 organisasjonar klimamarkering framfor Stortinget for å be Elvestuen reisa til klimatoppmøtet med høge ambisjonar i klimapolitikken til Noreg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I sin opningstale til FN 2. desember, sa statsminister Erna Solberg mellom anna: «Klimaendringar påverkar oss alle, og me må handla umiddelbart». 

Ho vil framleis ikkje erklære klimakrise, men også ho var skuffa etter møtet, ifølgje NRK. Solberg seier likevel at Noreg vil halda fram med å produsera olje framover.

Natur og Ungdom: – Verre enn nokon gong

Natur og Ungdom var sjølv tilstades på toppmøtet og meiner politikarane som deltok ikkje har teke klimakrisa på alvor.

– Dette møtet har vore verkelegheitsfjernt og langt på veg tømt Parisavtalen for meining. Me er vande til at klimaprosessane til FN går i sneglefart, men møtet i Madrid er verre enn nokon gong, seier Gina Gylver i ei pressemelding.

Frå klimatoppmøtet i Madrid. Julie Næss Karlsen, Matilde Angeltveit og Gina Gylver i Natur og Ungdom. Foto: Tonje Sæther

Saman med Julie Næss Karlsen, Matilde Angeltveit og Tonje Sæther har ho reist med tog til forhandlingane, for å representera organisasjonen.

Næss Karlsen meiner at Noreg fram til COP26 neste år, må seie nei til meir oljeboring og jobba for at klimakutta skal takast heime, ikkje i kvotekjøp.

– Vi krev at Noreg leverer eit mål om minst 60 % utsleppskutt innan 2030 til FN innan tidsfristen i februar. Noreg kan ikkje venta på FN eller EU, me treng klimahandling no.

Spire: – Total ansvarsfråskriving

Også miljøorganisasjonen Spire kjem med krav til Noreg, om minst 53% kutt innan 2030, og at næringslivet må bli gjort ansvarlege for eigne utslepp.

Hege Skarrud. Foto: Spire.

Leiar Hege Skarrud legg vekt på at 2019 har vore fylt av unge klimastreikarar og at dei unge sine stemmer har vore tydelege.

– Det som no skjer viser at me ikkje blir lytta til i realiteten, men at beslutningstakarar og næringsliv smykkar seg med oss for å virke medvitne på sitt ansvar. Dette er total ansvarsfråskriving. Her må norske myndigheter skjerpe seg, seier Spire-leiaren på e-post til Framtida.no.

Ho meiner at Noreg både har råd til og eit historisk ansvar for å gjere meir for å redda planeten

– Det er dei unge sine krav som er ufråvikelege, og styresmaktene sitt ansvar å innfri sporenstreks.

Neste år skal alle landa koma med nye, konkrete og meir ambisiøse planar og mål for kutt i klimagassutslepp. Då er det fem år sidan Parisavtalen vart banka gjennom, og kvart femte år skal dei altså melde inn nye mål.

Ifølgje ein rapport frå FNs miljøprogram (UNEP) må utsleppa av klimagassar i verda kuttast med over 7,5 prosent kvart år mellom 2020 og 2030 dersom den globale oppvarminga skal haldast under 1,5 grader. Dersom me held fram som i dag, ligg me an til ei auke på 3,5 grader.

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat