Etiopia skal vera vertskap for klimatoppmøtet i 2027
Det afrikanske landet vann kampen om COP32, men det er framleis ikkje klart kven som vert vertskap for neste års møte.
Tysdag annonserte Etiopia at dei vert vertskapslandet for COP32, som skal arrangerast på det afrikanske kontinentet i 2027.
COP32 skal arrangerast i hovudstaden Addis Abeba, melder Reuters.
Australia eller Tyrkia
Klimatoppmøta vert arrangert i ulike verdsdelar etter tur, og landa må bli einige seg imellom kven som skal vera vertskap.
I år er verdas leiarar samla til klimatoppmøtet COP30 i Belém i Brasil. Under eit fellesmøte annonserte Etiopia at dei har fått støtte av dei resterande afrikanske landa i konkurransen mot Nigeria, som òg har vore interessert i å vera vertskap.
Til neste år er det Europa og Oseania som står for tur, men det er framleis ikkje klart kvar klimatoppmøtet blir. Både Australia med stillehavsøyane og Tyrkia har sagt at dei vil vera vertskap.

Ragnhild Bergli er leiar i Changemaker.
Leiar i Changemaker Ragnhild Bergli er ikkje i tvil om kva land ho håpar får arrangera klimatoppmøtet til neste år.
– Me støttar Australia og håpar at COP ikkje vert brukt til noko form for reinvasking eller grønvasking, seier ho, og viser til den demokratiske situasjonen i Tyrkia.
Changemaker: – Tyngd til afrikanske land
Bergli er positiv til at Etiopia skal vera vertsland for klimatoppmøtet i 2027.
– Me ser ofte ein samanheng mellom kven som er vertsland for COP og kva som får mykje fokus. I år er det i Brasil som er vertskapsland og då ser me at det vert mykje fokus på regnskogen, noko Noreg har lova mykje pengar til, seier Bergli på telefon til Framtida.no.
Ho håpar klimatoppmøtet i Etiopia vil føra til at det vert mykje meir fokus på dei klimautfordringane som afrikanske land og dei aller fattigaste landa i verda står ovanfor. Til dømes tap og skade, og tilpassing til klimaendringane.
– Me håpar og trur det vil bringa mykje tyngd til afrikanske land sin innverknad over det klimatoppmøtet, som er på tide.
Bergli viser til at klimatoppmøtet berre har vore arrangert i Afrika sør for Sahara to gongar før, sist i 2011. Til samanlikning har Europa arrangert klimatoppmøte 13 gongar sidan 1995.
– Takksame for tilliten
Vertskapslandet har presidentskapet for klimaforhandlingane og har påverknad både på målsettingane og sakene som vert løfta undervegs.
– Me er djupt takksame for trua og tilliten til det etiopiske folket og regjeringa, sa Etiopias ambassadør til Brasil Leulseged Tadese Abebe ifølgje Reuters under eit fellesmøte på COP30.
– COP32 vil spela ei stor rolle i å leia klimainnsatsen i dette kritiske tiåret, understreka han.
Vertskapslandet for COP32 må vedtakast offisielt, men dette vert sett på som ein formalitet etter at landa har blitt einige.






