Greta Thunberg ber Erna Solberg stansa all oljeutvinning for å ikkje bryta Barnekonvensjonen
– Stopp kortsiktig prioritering av økonomisk gevinst framfor framtida til norske barn og barn alle andre stader i verda, skriv Thunberg og 15 andre unge i eit brev til statsminister Solberg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag, på FNs menneskerettsdag, sende ei gruppe på 15 barn frå 13 ulike land eit brev til statsminister Erna Solberg (H).
Der ber dei henne om å avvikla oljeproduksjonen, fordi den bryt med FNs barnekonvensjon.
Eit tilsvarande brev er sendt til statsminister i Canada, Justin Trudeau, som blir beden om å stansa produksjonen av tjæresand.
Det var Dagsavisen som først omtalte saka.
– Klimakrisa er her. Huset vår brenn no
Barnekonvensjonen frå FN vart vedteke 20. november 1989 og ratifisert av Noreg 8. januar 1991. I brevet er det særleg artikkel tre i konvensjonen som vert sett lys på, som seier at ein alltid skal ta omsyn til barnas beste:
I brevet skriv barna at vidare oljeutvinning på ingen måte vil vera fordelaktig for barn i dag, og at meir produksjon av fossil energi vil bidra til «katastrofale og unngåelige klimaendringar».
«Ytterlegare oppvarming (ut over målet om 1,5 grad) vil føra til millionar av dødsfall og øydeleggingar for tusenvis av milliardar dollar. Klimakrisa er her. Huset vårt brenn no. Verda går i retning av 3,2 grader oppvarming», skriv dei ifølgje Dagsavisen.
I tillegg til å stoppe leitinga og utvinninga etter olje og gass, ber barna Erna Solberg om å legge ein plan for ei rask utfasing av produksjonen som er i dag.
Det krevst dersom Noreg skal halde forpliktingane sine til menneskerettane, og for å nå klimakuttmåla.
«Stopp kortsiktig prioritering av økonomisk vinst, framfor framtida til norske barn og barn alle andre stader i verda», heiter det også i brevet.
Thunberg og dei andre barna har bede Solberg og Trudeau svara innan 14 dagar.
– Noreg set liva til barn i fare ved å auke oljeproduksjonen
Med seg har dei advokat Michael D. Hausfeld i tyske Hausfeld, som hjelper dei pro bono (gratis).
– Ved å auke oljeproduksjonen og utsleppa av klimagassar på eit tidspunkt der verda bør gå i motsett retning, set Canada og Noreg liva til barn i fare og bryt dei fundamentale rettane deira i samsvar med internasjonale lover, seier han ifølgje NPK.
På vegner av barna sende han brevet til statsministeren, med kopi til klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V), Noregs FN-ambassadør Mona Juul og FNs spesialrapportør på menneskerettar og miljø, David R. Boyd.
–Vår framtid vil bli endra av klimakrisa på alle måtar
Gruppa som har sendt brevet er 16 barn frå ulike land, mellom anna Argentina, Brasil, Frankrike, Tyskland, Sverige, India, Marshalløyene, Nigeria, Palau, Sør-Afrika, Tunisia, Alaska og USA.
Dei utgjer «Children VS Climate Crisis», og har tidlegare også klaga inn fleire G20-land for FN, for å ha brutt barnekonvensjonen på grunn av dårleg klimainnsats.
Noreg har skrive under på barnekonvensjonen, men ikkje på tillegget om at barn kan klaga på brot på barnekonvensjonen. Noreg kunne dimed ikkje klagast inn for FN, saman med dei andre G20-landa.
Amerikanske Alexandria Villaseñor (14) er eit av barna i Children VS Climate Crisis, og meiner verdsleiarane må haldast ansvarlege for klimakrisa.
– Klimakrisa er den største utfordringa min generasjon står ovanfor. Vår framtid vil bli endra av klimakrisa på alle måtar. Den vil påverke kor vi bur, kva slags jobb vi har, om vi stiftar familie, seier ho til NRK.
Ho meiner Noreg kan gjera ein skilnad om me tek grep no.
– Ungdommen vil vera der for å halde dykk ansvarlege og sørga for at de følgjer opp.
500 millionar barn lever med ekstrem risiko for flaum
I brevet vert The Lancet Countdown report, om helse og klimaendringar også drege fram. Der står det at «livet til kvart einaste barn som blir fødd i dag vil bli sterkt påvirka av klimaendringar…i ei fundamental forandra verd.»
Fleire av barna har også sjølv kjent klimaendringane på kroppen.
«Skogbrannar har brent ned heimane deira og forgifta lufta. Dei blir stadig meir utsette for smittsomme sjukdomar. Vassreservane deira er truga og avgrensa på grunn av tørke. Stormar har fløyma over heimane og skulane deira. Stigande havnivå druknar heimlanda deira. Temperaturforandringane øydelegg matkjeldene deira og truar urfolk sine tradisjonar og levebrød», skriv dei vidare ifølgje Dagsavisen.
Ifølgje The Guardian lever meir enn 500 millionar barn i områder med ekstrem høg risiko for flaumar, på grunn av syklonar, stormar, orkanar og stigande havnivå. I Karibien åleine har talet på barn som har måtte flytte på grunn av ekstremvêr, seksdobla seg på fem år. Over 760.000 barn vart drivne vekk frå heimstadane sine mellom 2014 og 2018.
Meir enn 160 millionar barn bur i områder med høg tørke, som har store konsekvensar for utviklinga deira og gjer dei utsett for sjukdom. Det er venta at det talet vil stiga dramatisk, slik at så mange som ein av fire barn i verda vil leve med vassmangel, ifølgje FN.
- Det er ikkje første gong Thunberg kritiserer Noreg: Berre for nokre månadar sidan, i oktober, nekta ho å ta imot Nordisk råds miljøpris på grunn av oljepolitikken vår.
– Hald olja og gassen dykkar i bakken
Noreg har ikkje nådd klimamåla sine gjennom fleire tiår. Også måla for 2020 ligg dårleg an.
«Hald olja og gassen dykkar i bakken. Å utvida produksjonen dykkar i Nordsjøen vil låsa inn tiår med klimautslepp, og set barns universelle rettar til liv, helse og kultur i fare», skriv barna i brevet.
Istaden ber dei Solberg og Noreg om å ta ansvar og visa korleis ein stor produsent og eksportør av fossil energi, som Noreg, kan bevege seg vekk frå fossilenergi og bana veg for andre at økonomiar avhengige av fossilenergi kan følgja etter.
Dei dreg mellom anna fram Johan Sverdrup-feltet som kritikkverdig. Feltet er den største utbygginga på norsk sokkel siden 80-tallet, og ifølgje Equinor vil Sverdrup kunne produsera 660.000 fat med olje kvar dag. Det er venta at produksjonen her vil gi inntekter på meir enn 1.400 milliardar kroner.