Tidlegare FN-direktør om COP25: «Vi er på veg frå klimakrise til klimakatastrofe»

Svein Tveitdal, klimarådgjevar og tidlegare FN-direktør
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Svein Tveitdal er tidlegare FN-direktør og NGO-representant for Besteforeldrenes klimaaksjon ved COP25.

Under sjølve klimamøtet blei det rapportert at ny utsleppsrekord også vil bli sett i 2019.

Ifølgje siste rapport frå FNs miljøprogram som kom før møtet, må landa sine ambisjonar femdoblast for å stanse oppvarminga på 1,5 °C og tredoblast for å stoppe på 2°C.

Samstundes seier det internasjonal energibyrået IEA at globale utslepp vil fortsetje på dagens nivå ei rekkje år framover. Sjefen for Verdas meteorologiske organisasjon WMO seier i ein kommentar til deira siste klimarapport at vi med dagens trend vil kunne oppleve ei oppvarming på inntil fem grader innan 2100. Vi er på veg frå klimakrise til klimakatastrofe.

Les også innlegget: – Greta Thunberg er verdas viktigaste påverkar

Elefanten i rommet

Forbrenning av kol, olje og gass er årsaka til denne fatale utviklinga.

Utan ein rask reduksjon av fossil energi vil vi kunne få ein klode som ikkje er til å bu på for store delar av jordas befolkning. Dette er elefanten i rommet det ikkje blir snakka direkte om i klimaforhandlingane. Men elefanten er til stades når landa lagar sine posisjonar, og ein årsak bak at vedtaket i Madrid om aukte ambisjonar når landa skal leggje fram nye utsleppsmål før COP 26 i Glasgow neste år, langt frå er tilstrekkeleg.

Lykkast vi ikkje med eit tilstrekkeleg ambisjonsnivå då heller, vil neste moglegheit for opptrapping etter Paris-avtalen vere først i 2025. Då vil mesteparten av karbonbudsjettet for å nå avtalens mål vere brukt opp om vi held fram med dagens utsleppsnivå.

Problemet er at utan at sjølve hovudårsaka til aukande global oppvarming blir diskutert direkte, vil moglegheita til å snu utviklinga tilstrekkeleg raskt vere små. Elefanten må på bordet.

Forbod mot subsidiering av fossil energi

Ein effektiv start kan vere forbod mot subsidiering av utvinning og brenning av kol, olje og gass.

Ifølgje det internasjonale pengefondet IMF var slik subsidiering på svimlande 5,2 billionar dollar i 2017. Til samanlikning er dette beløpet 20 gonger større enn klimafinansieringa til fattige land i Paris-avtalen som ennå ikkje er på plass.

Hovuddelen av subsidiane, som aukar etterspurnaden etter fossile brensel, kjem frå dei største utsleppslanda, og Kina toppar lista. Ved å spare desse utgiftene kan landa auke inntektene sine med 3,8 prosent av BNP, noko som skulle gjere fjerning attraktivt i seg sjølv.

Ifølgje Det internasjonale pengefondet IMF ville effektiv prising av fossile brennstoff i 2015 ha redusert globale karbonutslepp med 28 prosent.

Fjerning av subsidiar vil sjølvsagt møte sterk motstand frå ein kjempesterk fossillobby. Men kampen må takast, også i klimaforhandlingane. For om fossilindustrien får bestemme, vil utsleppa fortsetje på dagens nivå eller auke.

Erna Solberg i Madrid

For Noreg pregar også elefanten posisjonane i klimaforhandlingane, utan at den blir nemnt.

I opningstalen i Madrid snakka statsminister Solberg om å auke ambisjonar, handling og gjennomføring, og om å auke satsing på skog og klimafinansiering.

Men ho nemnte ikkje med eit eineste ord at Noreg planlegg å vinne ut all olje og gass som er oppdaga og økonomisk drivverdig, og at vi betalar oljeselskapa for å leite etter meir. Dette ligg nok også bak når ho på spørsmål frå NRK tona ned klimakriseforståinga.

No garderer vi oss gjennom kvotekjøp på førehand

Noreg sin posisjon er å følgje EU, men vi ligg langt etter å nå klimamåla for 2020, noko EU har klart. Og no garderer vi oss gjennom kvotekjøp på førehand, om vi skulle mislykkast i å oppfylle måla også i 2030.

Klimaveljarane

Om alle nektar å snakke om elefanten, vil kursen mot klimakatastrofe fortsetje. Og ingen burde vere betre rusta enn Noreg til å ta fatt i denne utfordringa.

Mens den noverande regjeringa tilsynelatande ikkje er villig til å gjere dette, går det mot regjeringsskifte i 2021.

Alt tyder på at aukt klimamedvit blant veljarane vil gjere klima til ei vinnarsak. Difor bør opposisjonen på Stortinget ta tak i elefanten i god tid før neste val; Gå inn for stans i all ny leiting etter olje og gass og bli einige om ein strategi for utfasing av olje- og gassproduksjon i tråd med kva måla i Paris-avtalen vil trenge.

Dei må våge å vere tydelege ovanfor veljarane

Dei må våge å vere tydelege ovanfor veljarane slik opposisjonen i Danmark var om ein ny klimapolitikk før valet i Danmark i juni. Slik kan Noreg bli eit føregangsland og eksempel å følgje for andre land, også olje- og gassproduserande, i dei globale klimaforhandlingane.

Slik kan politikarane best førebu oss på ei fossilfri framtid og leggje til rette for nye grøne arbeidsplassar. Ikkje for at vi skal redde verda åleine, men for at vi skal bidra konstruktivt til å sikre våre eigne barnebarn ei berekraftig framtid i Noreg.

Les meir om slutterklæringa frå klimatoppmøtet: – Den verste teksten eg nokosinne har sett

F.v. Gina Gylver i Natur og Ungdom (Foto: Tonje Sæther), António Guterres (Foto: AP Photo/Bernat Armangue) og Ola Elvestuen (Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB scanpix) er alle misnøgde etter klimatoppmøtet COP25.