Starta underskriftskampanje for å erklære klimakrise i norske fylke
Sidan 8. mai har World Saving Hustle samla underskrifter for å sikre at fylke tek klima på alvor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøorganisasjonen World Saving Hustle vil sørgje for at norske fylkekommunar erklærer lokale klimakriser.
Organisasjonen oppretta ein underskriftskampanje per fylke. Målet er å sanke 500 signaturar i kvart fylke og såleis tvinge lokalpolitikarane til å ta saka opp i fylkestinget.
Til no har 16 av 18 av dei fylkesvise kampanjane samla inn over 500 underskrifter, berre Finnmark og Aust-Agder manglar.
Det var NRK som først omtalte saka.
Fylka lyt ha klimakrisa som førsteprioritet
På Facebook listar miljøorganisasjonen opp kva dei krev frå fylka:
- At fylka erklærer klimakrise, og at dei som signerer skal stille seg bak erklæringa
- At fylka sender ei oppfordring til regjeringa og ber Noreg erklære klimakrise
- At fylkestinga har klimakrisa som førsteprioritet
– Vi har ikkje føreslått nokon tiltak for fylka, men vi meiner at ei kriseerklæring vil gje dei det mandatet våre lokale folkevalde treng for å setje i gang større tiltak, sier Martin Skadal frå World Saving Hustle til NRK.
Natur og Ungdom etterlyser nasjonal kriseerklæring
Skottland, Wales og Storbritannia har tidlegare erklært klimakrise. Då Gaute Eiterjord tok til talarstolen på vegner av Natur og Ungdom for å takke for Fritt Ords Pris 2019, etterlyste NU-leiaren at også Noreg erklærer ei klimakrise. Ei slik erklæring følgt opp av vedtak vil syne at politikarane innser alvoret, meinte Eiterjord.
Les også om kravet frå MDG-sjefen: Også kommunane må kutte klimautslepp