Dette er nyttårsønska til Noereh og Norsk Målungdom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For å oppnå ei reell jamstilling treng ein tiltak for å styrke nynorsk. Eit uttalt mål om å styrke det minst brukte språket er ein god start på dette arbeidet, skriv Gunnhild Skjold i ein e-post til Framtida.no.

I april 2019 tok ho over vervet som leiar i Norsk Målungdom og i sitt første år i vervet gler ho seg over at regjeringa endeleg har lagt fram språklova som har vore på trappene i over ti år.

Ny nynorskkommune

– Vi er ikkje hundre prosent fornøgde med alt, men her er det mykje å glede seg for. Vi blei spesielt glade for at regjeringa slår fast at eit mål med den nye språklova er å styrke det minst brukte språket nynorsk. Sjølv om nynorsk og bokmål har vore jamstilte språk sidan 1885 veit vi at det ikkje er slik i praksis, understerkar Skjold.

Ho løftar også fram at nye Ålesund har blitt nynorskkommune, og at Disney gir ut Frost 2 på samisk, som andre gladsaker frå 2019.

– Det fleirspråklege samfunnet veks i 2019 også! understrekar Skjold.

Skuffa over Repparfjord

Den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh har i 2019 feira FN-året for urfolksspråk og invitert medlemmane sine på førpremiere av Jikŋon 2, men det som har gledd leiar Elen Ravna mest er alle festivalane og møteplassane.

– Det er så mykje glede, samarbeid og engasjement, understrekar ho.

– Kva har skuffa deg mest i 2019?

– At Nussir ASA fekk endeleg godkjent driftskonsesjon for gruvedrift i Repparfjord. Det var ei dårleg avslutning av året på toppen av alle andre arealinngrep i Sápmi, svarar Ravna.

Det samiske miljøet i Oslo var sterkt representert då Natur og Ungdom arrangerte fakkeltog etter vedtaket om Nussir-gruva. FOTO: JØRGEN NÆSS KARLSEN/NATUR OG uNGDOM

Sidemålstap

Også Norsk Målungdom har vorte skuffa i 2019, aller mest då regjeringa ifølgje Gunnhild Skjold la fram ein læreplan som går på tvers av deira eigen språkpolitikk.

– Vi hadde håpa at regjeringa ville nytte denne sjansen til å sørge for at norske elevar får lære både hovudmålet og sidemålet sitt godt. I staden leverer dei ein læreplan som fører til at sidemålselevane får dårlegare opplæring, og at det blir meir attraktivt for hovudmålselevane å byte hovudmål. Dette er stikk i strid med målet om å styrke det minst brukte skriftspråket, skriv Skjold, og legg til:

– Det verka som om regjeringa berre hadde tatt omsyn til bokmålsbrukarane, og ikkje tenkt på korleis læreplanen vil råke nynorskbrukarane og nynorsken.

Les også: Regjeringa fjernar delvis sidemålskarakteren: – Eit svik mot nynorskelevane

Språkdelt ungdomsskule 2020

– Kva er ditt største ønske for 2020, Gunnhild Skjold?

– At regjeringa innfører språkdelt ungdomsskule. Regjeringa har utsett det to gongar berre i år, og no er det på tide med eit svar. At bokmåls- og nynorskelevar får gå i eigne klassar er viktig for at nynorskelevane i språkdelte område skal få den undervisinga dei har krav på. Eg håpar at 2020 er året!

– Kva håp har du for 2020, Elen Ravna?

– Færre arealinngrep, ei regjering som faktisk høyrer på Sametinget og endå meir engasjement.

Før ho var 19 år var det ingen som visste at Elin Krisina Oskal (23) kunne syngja. No har ho stemma til Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2. Foto: Disney/Privat