Rosario (28) frå Guatemala er i protestleiren ved Repparfjorden
Ho meiner kampen mot multinasjonale selskap er felles for urfolk på tvers av landegrenser.

– Det er veldig styrkande å vere her. Dei som leiar og organiserer aksjonen er unge, og har ei enorm styrke i kampen mot Nussirgruva.
Det seier Rosario Pascual Pu (28) når Framtida.no får ein telefon frå Repparfjorden. Pascual Pu har vore i Noreg i fleire månader i samband med Latin-Amerikagruppene i Noreg (LAG) sitt brigadeprosjekt. Når Framtida pratar med ho, er det Maria Hamre Richter, ein aktivist frå LAG som har reist med ho dei siste månadane, og som også er i protestleiren ved Repparfjorden, som omsett svara.
Pascual Pu er ein del av urfolkgruppa Maya Quiché, og i brigadeprosjektet representerer ho den nasjonale enkeorganisasjonen Conavigua. I tillegg er ho aktivist i organisasjonen Comité de Unidad Campesina (Bøndenes einingskomité), som kjemper for retten til jord for bønder og småbrukarar gjennom politisk og juridisk støtte.
Kampen for landområde, spesielt for urfolk, er ei sak ho kjenner godt til frå heimlandet, og ho valde å kome til protestleiren fordi ho meiner det er viktig å stå i solidaritet med det samiske folket.
– Her er det selskap som utnyttar natur for eigen profitt.
Repparfjorden og gruvedrift
Selskapet Nussir ASA ynskjer å opne ei kopargruve i Kvalsund i Hammerfest, og planen er at gruveavfallet skal sleppast ut i den nærliggande Repparfjorden, altså eit sjødeponi. Dette har både naturvernorganisasjonar og reindriftsnæringa vore kritiske til.
12. juni starta sprengingsarbeidet til gruva, men det vart seinare stansa av aksjonistar frå blant anna Natur og Ungdom.
Måndag, då arbeidet skulle starte opp att etter sommarferien, hadde aksjonistar klippa opp kjettingar og etablert ein protestleir inne på anleggsområdet.
– Denne kampen handlar om meir enn denne gruva. Over heile Sápmi er det mineral, og framtidas mineral kan aldri utvinnast på ruinane av ein fjord og på kostnad av grunnleggande rettar, sa Helene Sofie Smit, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, i ei pressemelding måndag.
Ikkje eit unikt problem
– Eg trur at det som skjer i Repparfjorden er ein del av ein større global kontekst. Kampen som det samiske folket, reindrifta og lokalbefolkninga står i her, er rett og slett ikkje eit lokalt problem, men eit verdsproblem. Difor er eg her i solidaritet, seier Pascual Pu via tolk.
– Har de liknande saker i Guatemala?
– Sí, kjem det klart og tydeleg som svar.
Spesielt gruvedrift er noko ho har erfaring med frå heimlandet, der utvinning av gull av utanlandske gruveselskap har vore noko urfolket har kjempa mot i mange år.
– Guatemala er også eit unikt land der 43,5 prosent definerer seg som urfolk, skyt tolk Maria Hamre Richter inn etter omsetjinga si.
– At folk kjem utanfrå for å ta jord har skjedd der sidan kolonitida.
Håpar styresmaktene vil støtte
Pascual Pu har vore i Noreg for å både lære meir om Noreg og situasjonen til urfolk og småbrukarar, og dele sine eigne perspektiv frå Guatemala, i førebuing til utvekslingsprosjektet som LAG skal gjennomføre med norske ungdommar i Guatemala neste vår.
Ho har mellom anna besøkt Sametinget, og fortel at ho har tru på kor viktig det er for urfolk å organisere seg for å bli høyrde. I Guatemala seier ho at dei ikkje er til stades i grunnlova eller på parlamentarisk nivå som i Noreg, som ho ser det er viktig for samiske interesser.
– Vi organiserer oss på grasrotnivå, og kampen for menneskerettar skjer på kommunalt nivå. Urfolksorganisasjonar har vist seg å vere veldig viktige.
I protestleiren ved Repparfjorden har ho bidrege med erfaringar frå urfolk sin motstandskamp i Latin-Amerika, og trekt tydelege liner til såkalla grøn kolonialisme. No håpar ho at aksjonistane vinn fram.
– Eg og alle i denne protestleiren håpar at prosjektet lar fjorden vere. Vi observerer at dette er ein maktkamp og håpar at styresmaktene vil stoppe det.