Den nye leiaren i målungdommen vart nynorskbrukar på vidaregåande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Da eg sat i Tromsø som fersk nynorskbrukar med nesten berre bokmål rundt meg, var det viktig å vite at eg hadde NMU i ryggen, skriv Gunnhild Skjold i ein e-post til Framtida.no.

– Vanskelegare å vere nynorskbrukar

På landsmøtet i helga vart 23-åringen frå Tromsø valt til ny leiar i Noregs Målungdom. Ho er ikkje i tvil om at det framleis er behov for organisasjonen.

– Fordi det framleis er vanskelegare å vere nynorskbrukar enn å vere bokmålsbrukar, og slik skal det ikkje vere, slår ho fast.

Allereie før landsmøtehelga var den innstilte leiaren ute og kritiserte regjeringa for å ville læreplanfeste det ho meiner er ei «dumsnill» vurdering i sidemål.

– Heller enn å ta særleg omsyn til at elevane har hatt kortare tid med sidemålsundervising, burde sidemålsundervisinga starte tidlegare, sa ho i ei pressemelding.

Etter at ho vart valt har ho løfta kampen for nynorske læremiddel og utfordra kunnskapsminister Jan Tore Sanner og forlaga til å ta ansvar for at det kjem i orden innan dei nye læreplanane skal takast i bruk hausten 2020.

Les også: Norsk Målungdom jublar over sitt beste år sidan 2005

Skipa studentmållag

Gunnhild Skjold vart aktiv i Norsk Målungdom i 2014 da ho var med og skipa Studentmållaget i Tromsø.

I 2016 fortalde lektorstudenten til Framtida.no om ein telefon frå Universitetet i Tromsø med spørsmål om det var greitt å få eksamen på bokmål i staden for nynorsk.

Det siste året har Skjold vore nestleiar og i juli 2019 tek ho over leiarvervet etter Fredrik Hope.

Lektorstudenten si hjartesak er ganske enkelt at «alle skal ha rett og høve til å skrive hjartespråket sitt, anten det er nynorsk, kvensk, lulesamisk eller bokmål.»

Kva vil Norsk Målungdom merka av forskjell med deg som leiar?

­– Eg er frå Tromsø, og perspektivet mitt på språkpolitikk er dermed annleis enn dei to siste leiarane, som har komme frå kjerneområda. Eg hadde sjølv nynorsk som sidemål ut grunnskolen, og har dermed følt sidemålsundervisinga på kroppen.

Korleis vart du nynorskbrukar?

– Eg likte nynorsk veldig godt da eg starta å lære det som sidemål, og likte den demokratiske tanken bak. Eg hadde lyst til å lære det skikkeleg, og da eg gjekk på VG1 tenkte eg: no er det nok. Om eg vil lære nynorsk skikkeleg held det ikkje med dei få timane som er sett av til sidemålsundervising, eg må skrive det heile tida. No har eg skrive nynorsk i snart 7 år, og eg har aldri angra.

Kva er ditt favorittord?

– «Dokker». Eg endra til nynorsk som hovudmål rett før 2012-norma kom, og da eg såg at «dokker» kom inn i den nye norma følte eg meg meir velkommen til nynorsken. Nynorsk skal vere eit språk for heile landet, også for Nord-Noreg, og det er viktig for meg at eg kan vise det fram i norma mi.

Lyst å bli enno betre kjent med Gunnhild? I 2017 skreiv ho i spalta «Ein låt eg likar» om «Sign of the Times» av Harry Styles.

Meir makt til Språkrådet

Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar i helga?

– Vi har utvida dialektpolitikken vår og vil kjempe for at Språkrådet skal få meir makt. I tillegg har vi vedtatt eit spennande arbeidsprogram, der vi har vedtatt at vi skal arbeide mykje med den nye læreplanen og den nye språklova.

­ Kva er dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom anno 2019?

­– Norsk Målungdom gjer det vi kan for å sørge for at den nye læreplanen i norsk gjer stoda betre både for elevar med nynorsk som hovudmål og som sidemål. For elevane med nynorsk som hovudmål blir det spesielt viktig at dei nye læremidla som blir utvikla i samband med fagfornyinga blir klare til skolestart i 2020.

Les også: Norsk Målungdom tek grep for å hindra seksuell trakassering

«Gidd å styre på med den nynorsken»

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 

– Vi har to offisielle skriftspråk i Noreg, og det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som det er å vere bokmålsbrukar. Slik er det dessverre ikkje i røynda, og det blir ikkje enklare når du er den einaste nynorskbrukaren i klassen. Kvar gong eg har møtt folk som lurer på korfor eg «gidd å styre på med den nynorsken» har eg fått meir motivasjon til å engasjere meg i målsaka.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Vi må få til ei haldningsendring både hos politikarane og i media. Ungdom må få plass, også i saker som ikkje er typiske «ungdomssaker». I tillegg må politikarane og regjeringa leggje betre til rette for ungdomsorganisasjonane. Vi samlar ungdom frå heile landet, men ofte brukar vi like mykje tid på å finne ein skole vi kan leige som på å utvikle politikken vår.

Kva er idealsamfunnet?
– Eit mangfaldig samfunn der alle har fridom til å vere den dei vil.

Gunnhild Skjold

  • Frå: Tromsø
  • Alder: 23
  • Yrke/utdanning: Snart ferdig utdanna lektor i realfag
  • Favorittfag på skulen: Matematikk
  • Ulike verv: Nett no er eg berre i NMU
  • Medlem i: For mange organisasjonar til å liste opp her
  • Kva gjer du i fritida/hobby: Strikkar og ser film