Norske samers riksforbund fordømer Nurssir-vedtak

Det blir gjeve driftskonsesjon for Nussirgruva i Kvalsund, trass i klagar og protestar. – Eit overgrep, seier leiar av Norske samers riksforbund, medan Natur og Ungdom er klare til å lenka seg fast.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar 2019 ga regjeringa siste tillating til gruveselskapet Nussir ASA, til å drive gruva ved Repparfjord i Finnmark.

Sametinget og miljøorganisasjonane Natur og Ungdom og Naturvernforbundet klaga inn vedtaket til Kongen i statsråd.

I dag avviste Solberg-regjeringa klaga, og gav grønt lys for det kontroversielle gruveprosjektet på nytt.

– Dette er ein svart fredag for både naturen og samiske rettar. Me fordømmer vedtaket
på det sterkaste, seier Runar Myrnes Balto, leiar av Norske Samers Riksforbund (NSR), i ei pressemelding.

Selskapet Nussir ASA har fått driftskonsesjon for ei kopargruve ved Repparfjord i Finnmark. Massar frå gruvedrifta vil bli tømt i eit sjødeponi i Repparfjord. Nussir ASA som har drive med utvinning av kopar frå eit anlegg der tidlegare og no vil starta utvinninga si igjen med deponi i sjøen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Miljøskandale og eit overgrep

40 år er gått sidan Alta-aksjonen, som fleire har samanlikna denne saka med. Vedtaket sender no sjokkbølger gjennom det samiske samfunnet, som opplever at samiske
næringar manglar vern i 2019.

– Regjeringa gjer alvorlege overtramp her, i det som både er ei miljøskandale av
internasjonale dimensjonar og eit overgrep mot eit sårbart urfolk. Eg synest det er
sjokkerande at det er mogleg 40 år etter Alta-aksjonen. Har ikkje Noreg lært noko, spør NSR-leiaren.

Runar Myrnes Balto, leder av Norske Samers Riksforbund (NSR). Foto: Marie Louise Somby

Han fortel at det er livsgrunnlaget til samiske familiar som vert øydelagd, når kalvingslandet til reindrifta blir eit industriområde og «fjorden ein avfallsplass.»

– Familiar opplever å stå heilt rettslause i møtet med industri og styresmakter. Dette er eit skammeleg overgrep mot dei, sier Myrnes Balto.

Han meiner at Noreg bryt urfolk sine rettar i denne saka, og har kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte i NSR for å drøfta kva organisasjonen skal gjere. Han vil også løfte saka som hastesak i Sametinget.

– Leverer tomme ord og daude fjordar

Natur og Ungdom har også vore sterkt engasjert i saka, og kjem med harde ord til statsministeren, i ei pressemelding.

Gaute Eiterjord. Foto: Anna Olerud, Natur og Ungdom.

– Denne gruva vil vera katastrofal for livet i Repparfjord og reindrifta i området. Solberg-regjeringa dumpar miljøtruverdet sitt i fjorden, og viser null respekt for samane sine rettar, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom.

Han legg særleg vekt på at Solberg det siste året har fokusert på å visa korleis Noreg skal vera havnasjon i framtida, og korleis dei jobbar for å oppnå det.

– Her viser statsministeren at ho nok ein gong berre kan levere tomme ord og daude fjordar, rasar Eiterjord.

4500 villige til å lenka seg fast

Organisasjonen har fleire gonger varsla at dei vil ty til sivil ulydnad for å stansa prosjektet. På deira lister har over 4500 enkeltpersoner sagt seg villige til å begå sivil ulydnad og lenke seg fast, for å stanse prosjektet.

– Dette prosjektet er alvorleg miljøkriminalitet. Me kan ikkje legge fjordane våre aude for kortsiktig profitt, og derfor vil vi ty til alle midler for å stoppe gruva.

Eiterjord fortel at dei også vil gå etter investorar i prosjektet, og få dei til å trekka pengestøtta slik at gruva ikkje blir realisert.

Les også: Natur og Ungdom klare med lenkjene: – Gigantisk miljøskandale

– Auka eksportinntekter og verdiskaping

I konklusjonen frå Nærings- og fiskeridepartementet tilrår dei altså å ikkje ta klaga til følgje og skriv:

«Tiltaket vil kunne ha negative konsekvenser for reindrift og samisk kulturutøvelse og for natur og miljø. Departementet finner likevel at de positive samfunnsøkonomiske virkningene av tiltaket sammenholdt med de vilkår som er satt for driften tilsier at konsesjon gis.

Departementet legger vekt på at utvinning av kobber i Kvalsund kommune vil kunne bidra til økte eksportinntekter og økt verdiskaping i norsk mineralnæring. Nussir ASAs gruveprosjekt vil styrke næringsgrunnlaget i nord og gi et positivt bidrag til utviklingen av lokalsamfunnet i og rundt Kvalsund kommune, gjennom bl.a. tilføring av nye arbeidsplasser og industriell kompetanse.

Departementet opprettholder vurderingen av at vilkårene i mineralloven § 43 er tilfredsstilt og at driftskonsesjon for utvinning av Repparfjord kobberforekomst kan tildeles Nussir ASA med de vilkår som er satt.»

Hætta Isaksen beskriv det å lage musikk som ein meditativ tilstand der musikken berre kjem. Foto: Beate Haugtrø

Ella Marie Hætta Isaksen er sterkt ueinig i planane om gruvedrift i Repparfjord. Foto: Beate Haugtrø

Nussir-gruva

  • Nussir ASA vil utvinne kopar i fjella Nussir og Ulveryggen i Kvalsund.
  • Gruva er kontroversiell av to grunnar:
    • Den vil vere i Reinbeitedistrikt 22 Fiettar. Det er vår-, sommar-, og haustbeite i distriktet, og over 8000 rein er gjennom området i løpet av eit år.
    • Nussir ASA har fått utsleppstillating til å dumpe 30 millionar tonn avfall frå gruvedrifta, i Repparfjord. Fjorden har også status som Nasjonal laksefjord.
  • Gruvedrifta i Kvalsund vil kunna skapa om lag 150 arbeidsplassar i Finnmark.