Nye Ålesund vert årets nynorskkommune: – Ein føregangskommune

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.10.2019 16:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma, og han kjem til å bli den største nynorskkommunen i landet. 

Det står skrive i grunngjevinga frå juryen, som no har kåra Nye Ålesund kommune til «Årets nynorskkommune 2019». 

Juryen meiner Nye Ålesund utmerkjer seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk.

Dette vert tiande gong Kulturdepartementet og Språkrådet deler ut prisen.

Ein språknøyral kommune + fire nynorskkommunar

Storkommunen, som trer i kraft 1. januar 2020, vil bestå av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Ålesund er den einaste språknøytrale kommunen – alle dei andre er nynorskkommunar. Kva som skulle verte målforma til komande kommunen har difor vore heftig diskutert i både avisspalter og sosiale medium.

I intensjonsavtalen står det likevel svart på kvitt: Den nye storkommunen skal ha nynorsk målvedtak.

Kunne mista ordførarplassen på grunn av nynorsk

Påtroppande ordførar i kommunen, Eva Vinje Aurdal (Ap), fortalde Framtida.no tidlegare i haust at ho før valet frykta nynorskstriden kom til å kosta ho ordførarvervet.

– I min iver etter å signalisera likeverd mellom skriftspråka våre, har eg fått tilsvarande motstand. Men i dag kan eg seia at det var verdt det, sa Aurdal då det vart klart at ho vart den første ordføraren i Nye Ålesund.

Margrethe Kvarenes har leia juryen som i år har lagt ekstra merke til kommunar med godt nynorskarbeid i møte med kommunereforma. Foto: Moment Studio

Juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, seier i ei pressemelding at språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten av den krevjande samanslåingsprosessen:

– Språkspørsmålet har vore sentralt i diskusjonane rundt den nye storkommunen, og juryen håpar at prisen vil verke samlande i det vidare arbeidet, seier Kvarenes.

Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i Nye Ålesund, og til «å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen – også i det som i dag er ein bokmålsby».

 

Skodespelar Eili Harboe (til høgre) fekk for alvor augo opp for Jon Fosse då ho spelte teaterspira Tale i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys

Tidlegare vinnarar av «årets nynorskkommune»

  • 2018: Vinje
  • 2017: Sveio
  • 2016: Time
  • 2015: Førde
  • 2014: Radøy
  • 2013: Ørsta
  • 2012: Sogn og Fjordane
  • 2011: Fjell
  • 2010: Seljord
  • 2009: Stord