Norske veljarar har talt: Klima er viktigast

Klimaendringane tronar for første gong heilt øvst på lista over dei viktigaste politiske sakene i Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I alt 49 prosent av dei spurde meiner no at klimaendringar er ei av dei tre største utfordringane Noreg står overfor.

Det viser Klimabarometeret 2019, ei stor spørjeundersøking som er gjennomført av Kantar.

Klima går dermed heilt til topps på lista over dei 14 viktigaste politiske sakene i Noreg.

Helse på andreplass

Nummer to på lista er helse og omsorg, som blir kryssa av hos 45 prosent av dei spurde, medan innvandring og integrering fell til tredjeplass med ei oppslutning på 35 prosent.

Det er første gong klima tronar øvst i undersøkinga, som i år er gjennomført for tiande år på rad.

Klima viktigast for dei under 45 år

Klimaløftet kjem etter eit år prega av massive demonstrasjonar i ei rekke europeiske land, ført an av svenske Greta Thunberg og skulestreiken hennar for klimaet.

På berre seks månader har delen spurde som ser på klima som ei av dei viktigaste sakene, auka med 11 prosentpoeng.

Spørjeundersøkinga viser samtidig at det går eit skilje ved 45 år. Dei som er under 45 år, har klimaendringar som viktigaste sak.

Dei over 45 år er derimot mest opptatt av helse og omsorg. Kantar viser til at mange får kontakt med helsevesenet i denne seinare fasen av livet, og at det derfor kan sjå ut til at dei svarer ut frå eigne, nære behov.

Flest blant MDG-velgarar, færrast hos FrP

Dei politiske forskjellane er òg tydelege. Blant spurde som støttar MDG, seier 88 prosent at klima er ei av dei viktigaste sakene. Delen er 80 prosent for SV-veljarar, 69 prosent for Venstre-veljarar og 65 prosent for Raudt-veljarar.

Frp ligg i motsett ende. Berre 13 prosent av Frp-veljarane i spørjeundersøkinga nemner klima som ei av dei tre største utfordringane. Frp-veljarane er i staden opptatt av innvandring, helse, kriminalitet og samferdsel.

Misnøgde med regjeringa

Regjeringas innsats i klimapolitikken får terningkast 3.

Ein vanleg kritikk er ifølgje Kantar at det blir mykje prat og lite handling.

Mange av dei spurde – 44 prosent – meiner samtidig at Noreg bør bruke meir pengar på klimatiltak. Berre 18 prosent meiner det bør brukast mindre.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall