6 av 10 gjer lite eller ingenting med kjøtinntaket med omsyn til miljøet

I ei ny undersøking kjem det fram at nordmenn flest meiner klimakrisa er reell og vil ta berekraftige val. Her er litt klimastatistikk.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 18.11.2019 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

63 prosent av norske forbrukarar meiner verda står ovanfor ei stor klimakrise, ifølgje ei undersøking Ipsos har gjort for Orkla.

I undersøkinga er også dei andre nordiske landa spurt, i Sverige meiner 56 prosent at me står ovanfor ei globalkrise. I Danmark er talet 65 prosent, og i Finland 67 prosent.

Kjelde: Ipsos. Foto: Mika Baumeister/Unsplash

Vanskeleg med berekraft

I same undersøking vert det tydeleg at det likevel er litt vanskeleg.

Sjølv om 6 av 10 prøver å kjøpa produkt dei trur er berekraftige, synest 7 av 10 at det er vanskeleg å vite om produkta er berekraftige.

Kjelde: Ipsos. Foto: Noah Buscher/Unsplash

Noreg best på resirkulering

På resirkulering har Noreg vore gode ganske lenge. Dette kjem også tydeleg fram i undersøkinga. Heile 74 prosent meiner det er viktig at produkta ein kjøper har innpakking som kan resirkulerast.

Samanlikna med nabolanda våre, er det flest nordmenn som synest dette er viktig, og som resikulerer boset sitt.

Kjelde: Ipsos Foto: Brian Yurasits/Unsplash

Vegetarisk mat

På matfronten er nordmenn meir altetande enn gjennomsnittet globalt. Globalt er det 73 prosent, medan det i Noreg er 84 prosent som et både animalske og ikkje animalske produkt.

På vegetarianar-fronten er det litt lågare tal samanlikna med resten av verda. Globalt er det fem prosent som har eit vegetarisk kosthald, medan det i Noreg er nede på to prosent.

Berre 39 prosent seier at dei et mindre kjøt fordi det er betre for miljøet, medan seks av ti svarar at dei gjer lite eller ingenting med kjøtinntaket med omsyn til miljøet.

Likevel har 42 prosent prøvd eitt eller fleire kjøttsubstitutt. Blant unge er talet mykje høgare: 70 prosent.

Kjelde: Ipsos. Foto: Lukas Blazek/Unsplash

Har endra åtferd

Ifølgje Norstat har 55% av unge i Noreg medvitent endra åtferd dei siste 12 månadane for å opptre meir berekraftig.

Kjelde: Norstat. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Av dei som seier dei har endra åtferd, er det 1 av 4 som sjekkar om klesprodusenten dei kjøper klede av er berekraftige. I Nord-Noreg er talet 44%, nesten dobbelt så mange.

I Ipsos-undersøkinga svarar 67% at dei kjøper anten mykje mindre, ingenting eller litt mindre klede enn tidlegare.

Les også: 

På turné i berekraftig antrekk: – Vil vise at ein ikkje treng kjøpe nytt

Artisten Hilde Selvikvåg har slått seg saman med Ingrid Bergtun for å skape eit antrekk av brukte tekstil som ho kan bruke heile turnéen.

– Mest av alt gjer eg dette for min eigen del. Eg får ein bismak i munnen om eg har for mange nye klede. Det skal ikkje så mykje til, fortel Hilde Selvikvåg (t.h.) Saman med Ingrid Bergtun (t.v.) vil artisten vise at berekraftig mote er kult. Foto: Victoria Bergort