Skuffa over Erna på klimatoppmøtet: – Gamalt nytt

– Gamle løfter blir ikkje nye av å bli presenterte i eit nytt møte, seier Forum for utvikling og miljø etter Solberg sin tale på Klimatoppmøtet.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Solberg kjem med gamalt nytt og var lite ambisiøs i FN, meiner Ingrid Rostad, etter Klimatoppmøtet måndag.

Rostad er rådgjevar i Forum for utvikling og miljø, eit nettverk av over 50 norske klima-, miljø- og utviklingsorganisasjoner. Fullstendig liste over tilslutta organisasjonar kan du sjå her.

– Me seier som Greta: korleis vågar du?

Ingrid Næss-Holm, klimarådgivar i Kirkens nødhjelp. Foto: Presse

Ho var ikkje åleine om kritikken, som kom haglande på sosiale medium etter Solberg hadde talt på toppmøtet.

– Resirkulering er stort sett bra, men ikkje når poenget er å koma med nye løfter, skriv Ingrid Næss-Holm, klimarådgivar i Kirkens nødhjelp, på Twitter. 

Fagansvarleg for finans i miljøstiftinga Zero Norge, Per Kristian Sbertoli, kimar i på sin Twitter-profil:

– Noreg lanserer same løfte som i 2015 – éin gang til. Erna prøver seg med at Paris ikkje var «internasjonal kontekst»?, spør han og siktar til eit sitat frå Solberg hos NRK.no.

Også Naturvernforbundet uttrykker si misnøye på sosiale medium, og skriv:

– Ingen nye norske klimamål og eit gamalt løfte om FN sitt grøne klimanfond. Det var det statsministeren tok med seg til klimatoppmøtet i New York, medan regjeringa set rekordar for oljetildelingar her heime. Me seier som Greta Thunberg: Erna Solberg, korleis vågar du?

– Verken nytt eller ambisiøst

Generalsekretær i FN, António Guterres, sa før møtet at berre dei dristigaste fekk ta scena, og at berre nye løfter skulle presenterast. Ikkje alle statsleiarane heldt dette, og fleire meiner heller ikkje Solberg infridde kravet.

– Dagens løfte er verken nytt eller ambisiøst, og me er skuffa over at Noreg kamuflerer gamle løfter som nye. Gamle løfter blir ikkje nye av å bli presenterte i eit nytt møte, seier Ingrid Rostad, som sjølv er i New York.

Leiar i Zero Norge, Marius Holm, er også samd og kjem med tilråing om å vera med på å stansa kol i vekstøkonomiar:

– Styrer mot tre graders oppvarming

Forum for utvikling og miljø hadde på førehand sendt si ynskjeliste til regjeringa, der dei mellom anna kravde 53 prosent klimakutt innan 2030.

I regjeringsplattforma står det at dei skal kutta med 45 prosent, men under Klimatoppmøtet kom ikkje Solberg med verken auke i kutt eller konkrete tal.

– Noreg styrer no med sitt mål om 40 prosent kutt, framleis mot tre graders global oppvarming, noko som er veldig skuffande, seier Ingrid Rostad.

Ho har likevel ikkje gjeve opp trua og håpar at Noreg brukar neste sjanse til å koma med nye klimamål. Det blir ved klimaforhandlingane i Santiago i desember i år.

Havteknologi som løysing

Hovudbodskapen i talen til Solberg var korleis havteknologi kan vera med på å løysa klimakrisa.

I ein ny rapport me har lagt fram i dag, kjem det fram at hav-baserte klimaløysingar kan redusera utsleppsgapet med opp til 21 prosent innan 2050, sa Solberg frå scena.

Ho starta også med å setje fokus på dei unge sine krav.

– Me må trappe opp, auka hastigheten og skalera opp. Dette er bodskapen unge menneske over heile verda har gitt oss, opna ho likevel med i talen.

Noreg sitt svar på dette er «auka ambisjonar og handling», kunne ho fortelja.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen, statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Søreide Eriksen i New York. Foto: Kjetil Elsebutangen, UD

Styrkar bidrag bestemt i Paris-avtalen

– Me vil styrka vårt nasjonale bidrag som vart bestemt under Paris-avtalen, og oppmodar andre til å gjera det same. Me vil også senda inn ein lågutslepps-strategi til FN, heldt Solberg fram.

Statsministeren fortalde også at Noreg skal dobla bidraga til det grøne klimafondet (Green Climate Fund), i tråd med Paris-avtalen, noko ho fekk stor applaus for.

I tillegg vil regjeringa gi støtte til land som minskar avskoging. Til slutt lista ho opp fem punkt som ho ynskjer Noreg skal få til:

  • Investera i naturbaserte klimaløysingar
  • Produsera havbasert fornybar energi
  • Sikra nullutslepps-havnæringar
  • Sikra berekraftig mat for framtida
  • Betra bruken av karbonfangst og –lagring

Du kan lesa heile talen på regjerina sine sider.

Lova å bli klimanøytrale innan 2050

Før møtet hadde generalsekræter Guterres nokre krav til dei deltakande landa.

Alle land må slutte å bygge nye kolkraftverk innan 2020, forplikta seg til å vera karbonnøytrale innan 2050 og slutta å subsidiera fossil energi.

Då måndagen var over hadde 70 land å lova å bli klimanøytrale innan 2050.

– Verda held på å vakna og trykket aukar. Sakte men sikkert, handling for handling, snur vinden. I dag såg me tydelege ambiasjonar og konkrete initiativ, sa generalsekretær Guterres då han avslutta toppmøtet måndag kveld.

Christiana Figueres (t.v.) gir lista med klimatilråingar til Sofie Nordvik. Nordvik skal levera lista til FN på klimatoppmøtet 23.september. Foto: Ingvild Eide Leirfall