Spire-leiaren er lei av at ungdomen vert ignorert i klimakampen
I 2018 har handlekrafta til verdsleiarane skuffa. Hege Skarrud håpar 2019 vert året då dei lyttar til dei unge: – Vi er ikkje redde for store endringar i samfunnet vårt, fordi vi veit at den framtida vi går i møte potensielt er så mykje verre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lei av at ungdomen vert ignorert i klimakampen
– Kva har gledd deg mest dette året?
– Eg synest det er utruleg positivt at jordbruket no har starta klimaforhandlingar med regjeringa for å kutte sine klimagassutslepp. Det ligg både mange utfordringar i jordbruket slik som det ligg an i dag, men også mange løysingar for framtida dersom ein har initiativ.
– Eg håpar at vi får inn fleire stemmer etterkvart også, slik at vi kan spele kvarandre gode. Klimaforhandlingane i jordbruket bør ikkje isolerast til å berre inkludere faglaga og regjeringa, her bør også miljø- og utviklingsorganisasjonar inn, med fleire, som representerer ein breiare del av sivilsamfunnet.
Les også: Studie: Kutt i kjøt og mjølk minskar miljøavtrykket
– Kva har skuffa deg mest?
– Statsbudsjettet var skuffande. Men endå meir skuffande er utfallet av COP24. Vi har fått IPCC sin 1,5-graders rapport om kva veg vi er på veg ned, likevel ser vi så lite vilje til å gjere drastiske endringar. Dei som kjem til å tape mest på at vi ikkje held rike land og store industriar i taumane er naturen, dei fattigaste i verda og framtidige generasjonar.
– Kva er ditt største ønske for 2019?
– At verdas leiarar høyrer på oss unge. Eg er rett og slett lei av å verte skuffa gong på gong av nasjonale og internasjonale «klimatiltak». Dei monnar ikkje. Og vi har presentert gode alternativ til dei – som dei vel å ignorere. Vi er ofte idealistar som skal leve med konsekvensane av deira manglande initiativ til å gjere noko. Vi tenker nytt, vi er ikkje redde for store endringar i samfunnet vårt, fordi vi veit at den framtida vi går i møte potensielt er så mykje verre.