Grøn ungdom sin talsperson: – Kor modig er du, Erna Solberg?

Teodor Bruu, talsperson for Grøn ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag, måndag klokka 17:45 skal Erna tale for FN sitt klimatoppmøte i New York. Kva kjem ho til å sei?

Generalsekretær i FN, António Guterres, har bede statsministarane og presidentane som deltek om å leggje bort dei fine talane og heller kome med konkrete forslag til korleis vi kan løyse klimakrisa.

Dei fire millionane som demonstrerte på fredag fortener meir enn innhaldslause talar og liksom-lovnadar. Statsleiarar må byrje å fortelje korleis utsleppa skal ned.

– Klimatoppmøtet må vere meir enn eit show

For dette er ikkje ein leik. Og klimatoppmøtet på vere meir enn eit show. Julia var den varmaste månaden som er målt på planeten vår, og isen i Arktis smeltar i rekordfart. Hundretusenvis av menneske mista heimane sine etter ein syklon i Mosambik i mars, og no nyleg har Bahamas blitt totalrasert av orkanen Dorian.

Og i Noreg aukar utsleppa i takt med opninga av nye oljefelt.

Klimastreikarane i Noreg har lagt fram tre krav til norske politikarar. Så langt har Regjeringa sagt blankt nei til alle tre. Men det er inga skam å snu. Det er endå tid til å lytte til ungdomen og klimaforskinga.

Erna Solberg kan bli hugsa som den norske statsministeren som tok ansvar i klimakrisas tid. Ho kan gå på talarstolen på måndag og annonsera at ho vil følgje opp desse tre krava.

Ho kan sei at Noreg skal kutte 60% av utsleppa innan 2030 og kva det betyr for norsk industrikpolitikk, norsk samferdselspolitikk, norsk landbrukspolitikk og det norske forbruksnivået.

Verdas modigaste statsleiar

Ho kan sei at Noreg skal auke bistanden til klimatiltak i utviklingsland til 65 milliardar årleg, slik at utviklingsland både får råd til å omstille seg til fornybart og råd til å ruse seg mot klimaendringane som uansett er her og øydelegg liv og byar.

Ho kan vere verdas modigaste statsleiar og gå opp på talarstolen i FN og fortelja verda at Noreg ikkje skal gi fleire utvinningstillatingar til oljeindustrien.

Ho kan sei at Noreg har lese klimaforskinga og difor erkjenner at nesten all olja i verda må bli i bakken, dersom vi skal nå klimamåla, og at vi er budde til å la vår olje ligge.

Detter er tøffe krav, men tøffe krav er det som må til for å stanse klimakrisa. Noreg er ein rik oljenasjon – difor må vi gå føre.

No må Erna gjere det einaste rette og ta klimastreikarane sine krav til New York. Kjære Erna, er du modig nok til å gå i front?

Eller blir det berre endå ein fin tale du har gløymt innhaldet i, allereie på flyet på veg heim til Noreg?

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no