Kva skjer no med det globale klimasamarbeidet?

mm

Axios melder i dag at president Donald Trump har bestemt seg for å trekkja USA ut av den såkalla Paris-avtalen, FN-avtalen om reduksjon av klimagassutslepp som blei signert i Paris i desember 2015.

USA slutta seg formelt til klimaavtalen i september i fjor, medan Barack Obama enno var president. Å trekkja USA frå Paris-avtalen var eit viktig krav for Trump i valkampen. Likevel har det til no vore usikkert kva han faktisk ville gjera som president.

Seinare på dagen tweeta presidenten om saka med sitt favorittslagord:

Då Trump blei valt i november i fjor, sa klimaekspert Steffen Kallbekken ved forskingsinstituttet Cicero til Framtida.no at den republikanske presidenten hadde tre val:

1. Han kan trekke USA ut avtalen, men det vil ta fire år: Først må han vente tre år før landet kan trekke seg ut, og så eitt år til før dei faktisk er ute.

2. Han kan trekke USA frå heile klimakonvensjonen, altså sjølve rammeverket for klimasamarbeidet i FN (UNFCCC). Det vil berre ta eitt år, men er mykje meir drastisk, og vil bety at USA ikkje ein gong deltar i forhandlingane.

3. Han kan velje å berre ignorere avtalen, og la vere å gjere det USA har forplikta seg til.

Om opplysingane frå Axios stemmer, er det no dei to første alternativa som står att. Ei lita gruppe av Trump sine støttespelarar jobbar no med detaljane i korleis uttrekkinga skal føregå, ifølgje nettsida.

Begge alternativa vil uansett vera alvorlege for det globale klimasamarbeidet, meiner Kallbekken, fordi Paris-avtalen er avhengig av tillit mellom landa som er med.

– Viss landet med den største økonomien og dei nest største utsleppa ikkje gjennomfører, eller til og med trekk seg frå avtalen, så undergrev det den tilliten. Andre land vil då lure på kvifor dei skal gidde å bidra til den globale innsatsen, sa Kallbekken i fjor.

Forskaren understreka samstundes at det ikkje treng å bety slutten på heile avtalen, sjølv om USA no trekk seg ut.

– Trump har sjølv sagt at han vil avlyse heile Paris-avtalen. Det kan han ikkje gjere. Det er mange nok andre land som er med til at den vil fortsetje å eksistere, uavhengig av USA, sa Kallbekken.

LES MEIR: Fryktar for klimapolitikken med president Trump


Landa i oransje var dei som hadde slutta seg til klimaavtalen då Trump blei valt som president i november i fjor.

Oppdatert: tysdag 18. juli 2017 16.29

Kommentarar

ANNONSE