2020 kan verte eit skjebneår for klimaet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimamatematikken er brutalt ærleg. Sjølv om jorda ikkje kan reparerast innan dei neste åra, kan ho bli fatalt øydelagt av forsømming inntil 2020, seier Hans Joachim Schellnhuber ifølgje BBC.

Den tyske klimatologen var den første leiaren av Universitetet i Potsdam sitt klimainstitutt og har vore vitskapeleg leiar for Tyndall senter for klimaforsking i Storbritannia.

Prins Charles, prinsen av Wales, har engasjert seg i klimasaka. Foto: Dan Marsh

Prins Charles for klima

Schellnhuber får støtte frå Storbritannias prins Charles, som tidlegare denne månaden uttala at:

– Eg er overbevist om at dei neste 18 månadane vil avgjere vår evne til å halde klimaendringane på eit leveleg nivå og rette opp att naturen til den balansen me treng for å overleva, sa prinsen av Wales.

Han er ikkje åleine om å sjå alvoret i situasjonen. Tidlegare i år erklærte nemleg Storbritannia klimakrise og stadig fleire følgjer etter.

Det har også dei norske byane Bodø og Bergen kommune gjort, i likheit med fylkeskommunane Hedmark og Trøndelag, etter initiativ frå organisasjonen World Saving Hustle. 

Nye mål i 2020

FNs klimapanel har slått fast at for å halda den globale oppvarminga under 1,5 grader celsius i dette århundret må me kutte 45 prosent av utsleppa innan 2045.

Ifølgje berekningane frå klimapanelet må utsleppa gå ned frå år 2020 om me skal ha sjanse til å nå 1,5 graders målet. I Paris-avtalen under COP21 vart landa einige om å jobba for å avgrensa den globale oppvarminga til betydeleg under to grader og helst ikkje over 1,5.

Dagens planar er langt frå ambisiøse nok og siktar mot tre graders temperaturauke innan 2030.

Under forhandlingane i Paris vart landa einige om å gradvis trappe opp innsatsen og rapportere inn nye planar for å kutta karbonutsleppa innan utgangen av 2020.

Svenske Greta Thunberg (16) har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg

Greta er ikkje imponert

Under klimatoppmøtet i Katowice i Polen før jul markerte Greta Thunberg seg med ein kraftfull tale til verdas toppleiarar. Ho var ikkje imponert over politikarane sin vilje til å forplikta seg til klimatiltak.

– Utsleppa våre aukar framleis, samstundes som vitskapen tydeleg har fortalt oss at me må han handle no for å halde planeten under 1,5 grader oppvarming, seier Thunberg i ein video på Twitter.

Thunberg har no teke eit friår for å prioritera klima og er venta å delta under klimatoppmøtet i Santiago, Chile (COP25) i desember i år.

Les også: Greta Thunberg bad EU-politikarane om å «få klimapanikk»

Sinkene USA og Saudi-Arabia

COP26 skal etter planen haldast i Storbritannia i 2020, året som kan bli eit skjebneår for klimaet på fleire måtar.

2020 kan verte året USA trekk seg heilt ut av Parisavtalen. Dette har vore ei viktig sak for president Donald Trump, men vert truleg omgjort dersom ein demokrat vinn presidentvalet i november 2020.

Men USA er ikkje det einaste landet som sinkar prosessen, også Saudi-Arabia, Kuwait og Russland har jobba for å halda klimarapporten utanfor FN-forhandlingar.

– Saudiarabarane kan ikkje hindra vitskapelege fakta frå å halda fram å driva det aukte medvitet blant regjeringar, næringslivet og ålmenta om behovet for umiddelbar innsats mot klimakrisa, sa Alden Meyer frå the Union of Concerned Scientists til BBC i juni.

  • Les meir: New York har vedteke dei mest ambisiøse klimamåla i USA

    Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com