New York har vedteke dei mest ambisiøse klimamåla i USA

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag førre veke signerte guvernøren i New York, Andrew Cuomo, eit nytt, ambisiøst lovverk som tek sikte på å kutte klimautsleppa i den amerikanske delstaten drastisk.

Det melder nettstaden Politico.

Andrew Cuomo har vore guvernør i delstaten New York sidan 2011 og har tidlegare vore bustad- og byutviklingsminister i Bill Clinton si regjering. Foto: Pat Arnow, Wikimedia Commons

Karbon-fri elektrisitet innan 2040

Etter mellomvalet i fjor fekk det demokratiske partiet full kontroll i delstaten New York for fyrste gong sidan 1930-talet, noko som har dratt klimapolitikken mot venstre.

Med New York State Climate Leadership and Community Protection Act vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040.

– Rop etter ei ny, grøn rørsle er hol politisk retorikk om det ikkje vert kombinert med spesifikke, aggressive målsettingar og ein realistisk plan for korleis å nå dei, sa Andrew Cuomo då han signerte lova.

Dokumentet, som vart signert på Fordham Law School på Manhattan førre veke, blir skildra som den mest ambisiøse klimalovgjevinga blant delstatane i USA, noko som betyr at delstatane California og Massachusetts må gje frå seg klimatrona.

Trump reverserte klimaplanar

Etter at Trump tok over som president i 2016 har han trekt USA frå den internasjonale klimaavtalen.

I juni i år gjekk Trump igjen drastisk til verks ved å reversera tidlegare president Barack Obama sin plan for rein energi (Clean Power Plan).

Obama gjekk inn for nasjonale utsleppsgrenser og at kolkraftverk skulle stengjast ute frå det amerikanske straumnettet.

Endringane frå Trump inneber at kolkraftverka ikkje vert stengde ute frå straumnettet og at amerikanske delstatar får større innverknad over kor mykje og om dei vil kutte utsleppa sine.

Les også om Alexandria Ocasio-Cortez sin Green New Deal som skal gjere USA uavhengig av olje, kol og gass.

Foto: US House of Representatives [Public domain]