Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag vert regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 lagt fram, men det har allereie kome eit dokument som kan ha større påverknad på framtida vår – den nye rapporten frå FN sitt klimapanel.

Meir alvorleg enn tidlegare venta

Rapporten syner at temperaturen på kloden allereie har auka med éi grad, og at det vil vere avgjerande at auken ikkje overskrid 1,5 grad. Følgjene av ei global oppvarming på 2 grader vil vere meir alvorleg enn tidlegare anteke.

– Denne rapporten viser alvoret og må vere ein kraftig vekkjar for oss alle. Det er framleis mogleg å avgrense temperaturauken til 1,5 grader, men då må vi handle no, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ein kommentar på e-post til NTB.

For ei halv grad har alt å seie.

Om vi klarer halde temperaturauken til 1,5 grad så vil:

  • Havnivået stige 10 cm mindre ved utgangen av hundreåret.
  • Halvparten så mange dyreartar vert truga, og fiskebestanden vil ikkje gå like dramatisk ned.
  • Halvparten så mange område på jorda vil oppleve stor endring i økosystemet, og to millionar kvadratkilometer tundra vert verande frosen.
  • Fleire hundre millionar færre vert utsette for klimarisiko og fattigdom.
  • Færre vil dø av hete.
  • Nedgangen i matproduksjon vert mindre, og halvparten så mange vil få problem med tilgangen til reint vatn.

Les også: Vêret vert meir ekstremt i framtida

Det er eit hårete mål, men mogeleg å oppnå

Aldri før har verda kravd så raske endringar av eit slikt omfang.

– Dersom vi skal klare dette utan omfattande bruk av teknologi som per i dag ikkje eksisterer må vi gjennomføre ei rekke omfattande tiltak, seier Cicero-forskar Bjørn Samset, ifølgje klimaforskingsenteret sine eigne nettsider.

Alternative tiltak som vert nemnde i rapporten, og som Samset også listar opp er:

  • Innan 2030 må mellom 50 og 60 prosent av elekstrisiteten vere produsert av fornybare kjelder, og mellom 60 og 80 prosent innan 2050. I dag er denne delen kring 25 prosent.
  • Delen kjernekraft må aukast kraftig.
  • Forbruket av olje må reduserast opp mot 40 prosent innan 2030, og opp mot 90 prosent innan 2050.
  • Forbruket av kol må reduserast med opp mot 80 prosent innan 2030, og opp mot 100 prosent innan 2050.
  • Utslepp frå industrien må reduserast med 75 prosent til 90 prosent innan 2050.

Les den fullstendige rapporten her (engelsk).

Krev handling no

Natur og Ungdom har allereie sendt ut ei pressemelding der organisasjonen krev handling.

– Forskjellen på om vi klarar å begrense oppvarminga til halvannan grad, eller om det vert meir, er eit spørsmål om liv og død. Vi risikerer å øydelegge alle verdas korallrev, og drive millionar på flukt. Ekstremvêret i sommar synte oss kor farleg klimaendringane allereie er vorte. Vi kan enno unngå at flaum, skogbrannar, tørke og livsfarlege hetebølgjer vert normalen, men vindauget er i ferd med å lukke seg, seier leiar Gaute Eiterjord.

I ein kronikk i Dagbladet skriv leiarane for 14 norske organisasjonar at Noreg ikkje kan kjøpe seg fri frå kutt i klimagassutsleppa.

Dei viser til ein fersk rapport frå Stockholm Environment Institute (SEI), som har rekna på kva Noreg sitt rettferdige bidrag i klimadugnaden er. Rapporten syner at Noreg må kutte minst 53 prosent av våre klimagassutslepp innan 2030, og at desse må gjerast nasjonalt. Noreg må i tillegg mangedoble klimafinansieringa for å støtte klimakutt i fattige land.

Les også: – Noreg kjøper seg fri frå utsleppskutt gjennom å pakka det inn som bistand og klimatiltak