Bønder sluttar seg til skulestreiken: – Vi krev klimahandling

Fredag streikar elevar over heile landet for å krevje at regjeringa innfører klimatiltak. No gjer også bønder det same.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bønder står i frontlinja i kampen mot klimaendringar. Når vêret ikkje speler med påverkar det drifta til bønder økonomisk, praktisk og ikkje minst psykisk. Det vart tydeleg under fjorårets tørkesommar og det vert tydeleg kvart år det er flaum, seier telemarksbonden Gunleik Mæland i ei pressemelding.

– Difor krev vi klimahandling og kastar oss med på klimastreiken. 

Mæland legg ned arbeidet fredag, og slår seg saman med landets tredje nasjonale skulestreik for klimaet og Klimabrølet som håpar å få med 100 000 røyster i eit brølekor som skal nå heilt inn i stortingskorridorane.

Matsikkerheit i klimakrisa

Telemarksbonden er heller ikkje åleine. Fleire av medlemmane til Norsk Bonde- og Småbrukarlag, samt inspirasjonsbønder frå Økologisk Norge sitt prosjekt Økoløft gjer det same.

Katherine Kinn er organisatorisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og også ho støttar elevane som forlèt pulten for å tvinge fram klimatiltak.

– Det handlar ikkje berre om oss som bønder, men om matproduksjonen til oss alle. Vi bønder skal levere matsikkerheit og ernæring for befolkninga. Det vert vanskelegare om vi ikkje når 1,5 gradsmålet.

Katherine Kinn er organisatorisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Gunnleik Mæland

– Jordbruket held mange av løysingane

Intiativet har også vorte lagt merke til hjå nokre av hovudarrangørane for den nasjonale skulestreiken.

– Bøndene har like stor grunn til å streike som oss unge. Vi er i ferd med å skape enorme problem for oss sjølv som vil verte vanskelege å reversere. Då er det viktig at vi mobiliserer saman, seier Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord i pressemeldinga.

Hege Skarrud, leiar i Spire, seier bonden får mykje unødvendig kritikk for negativ påverknad på klimaet, og at det difor er fint at den unge klimarørsla og bøndene står saman.

– For det er sånn at jordbruket held mange av løysingane på klimakrisa. Her ligg det mogelegheiter for å binde karbon frå lufta, ivareta biologisk mangfald og sikre grøne arbeidsplassar, seier Skarrud.

Ei viktig rolle i klimakampen

Landbruket stod i 2018 for kring åtte prosent av norske klimagassutslepp. Samstundes er næringa ei av dei som kjem til å kjenne konsekvensane mest. I juni vart difor bondeorganisasjonane samde med regjeringa om å kutte 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar fram mot 2030.

Også i Oppland streiker bøndene. Foto: Privat

Både Gunleik Mæland og Katherine Kinn trur, som Skarrud, at jordbruket kan spele ei viktig rolle i klimakampen.

– Det trengst nasjonale føringar for eit soyafritt jordbruk, mindre kraftfôr i det heile teke og meir beite, seier Katherine Kinn.

Dei to bøndene seier at jordbruket må luke vekk det mest negative – kutte ut soya, redusere kraftfôret og bruken av fossile maskinar – og heller satse på det positive:

– Beitedyr kan bidra til auka karbonlagring i jord, samstundes som beitedyr som et norsk gras i li og hei aukar landets sjølvforsyning, avsluttar Kinn.