– Landbruket må tola både styrtregn og tørke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter og klimaforskar ved Meteorologisk institutt. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

– Det kjem til å vera større variasjonar i vêret framover. Som bonde må du tenkja meir robust. Det blir fleire periodar med tørke, og det kjem til å vera lengre periodar med det same vêret, og det kjem til å komma meir styrtregn, seier Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter, til Nynorsk pressekontor.

– Landbruket må tola både styrtregn og tørke, presiserer ho.

Norsk Klimaservicesenter (KSS) er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, forskingsinstituttet NORCE og Bjerknessenteret. Dyrrdal fortel at dei i tida framover skal sjå nærare på korleis landbruket kan tilpassa seg klimaendringane betre.

Fleire månader å dyrka på

Ei følgje av klimaendringa er at sommaren er blitt fleire dagar lengre. Det gir også bøndene fleire dagar å dyrka på.

Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland ved Meteorologisk institutt. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland ved Meteorologisk institutt seier ein lengre vekstsesong kan bety ein del moglegheiter for norske bønder.

– Større område får ein lang vekstsesong. Kanskje kan ein dyrka på nye område, lenger opp i høgda enn tidlegare. Det kan vera ein del positive side ved at det blir lenger vekstsesong, seier Skaland.

Det er langs kysten at vekstsesongen kjem til å auka mest. Utrekningar frå Meteorologisk institutt viser at kysten kan få to til tre månader lengre vekstsesong innan utgangen av dette hundreåret.

Skadedyr, styrtregn og tørke

Varmare klima og gode dyrkingsforhold kjem likevel ikkje utan negativ påverknad.

– Når det blir varmare, kan det bli lettare for skadedyr å spreia seg. Ein kan få fleire soppangrep og skadelege parasittar. Dessutan kan det bli fleire av skadedyra som me har frå før, fordi dei får betre vilkår, seier Skaland.

Ei anna utfordring er at det kan bli for varmt for nokre vekstar, fortel klimaforskaren. Ho viser også til at styrtregn, som fører til ras og flaum, fleire tørkesomrar og fordamping utgjer store utfordringar for bøndene.

– Eg trur nok det er landbruket som kjenner vêret mest, og at bøndene er veldig bevisste på korleis vêret har endra seg. Det blir gjort mykje i landbruket for å tilpassa endringane, er inntrykket mitt.

Målretta innsats i samband med tørkesommaren i fjor, gjer at sentrale aktørar i landbruket meiner næringa er betre førebudd dersom det skulle oppstå ei ny krise.

I 2015 fløymde Bøelva over jorda på Gvarv i Telemark. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Tørke i fjor, meir normalt i år

I fjor blei bønder i Noreg råka av ein unormal tørr sommar. I år har sommaren vore meir som forventa, kan klimaforskarane fortelja. Temperaturen i sommar var om lag 1 grad over det som er rekna som normalt, med ein våt juni og ein tørr juli. Likevel har det vore fleire kraftige nedbørshendingar, jordskred, flaum, styrtregn og overvatn.

– Me ventar at det kjem til vera store variasjonar frå år til år. Nokre somrar vil vera våte, andre vil vera tørre, men me ser tendensen til at det blir varmare og at det blir kraftigare regn. Det er dei to tydlegaste teikna, seier Skaland.