Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 13.10.2019 21:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur klimakalkulatoren vil hjelpe til å bevisstgjere bonden på kva mogelegheiter han har, og det er kanskje det viktigaste: Å få informasjonen på ein lett forståeleg graf, og kunne sjå «her gjer eg det betre enn dei fleste, eller her har eg mykje å hente», seier Svein Ivar Ånestad.

Bonden frå Re i Vestfold driv sjølv med korn og gris på sin eigen gard og på heimgarden. Til saman har han og foreldra kring 750 dekar med korn, grasfrø og belgvekstar.

Ånestad er også ein av eit titals bønder som har prøvd ut Landbrukets Klimaselskap sin prototype for kornbønder: ein nettressurs som samlar all informasjon du har registrert om gardsbruket ditt, reknar ut kor store klimagassutsleppa dine er, og fortel deg korleis du kan verte betre.

Les også: Eit kart i klimajungelen

Vil utnytte utsleppspotensialet

I 2017 stod jordbruket for 8,6 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg, og som den største kjelda til metan- og lystgassutslepp. Brorparten av metanutsleppet kjem frå dyra si fordøying, og det meste av lystgassutsleppet frå spreiinga av kunst- og husdyrgjødsel.

Men det er stor variasjon frå bruk til bruk.

– Det er det forbetringspotensialet vi er ute etter, seier Tony Barman, prosjektleiar for Klimasmart Landbruk.

Her er Tony Barman ute i felten og tester klimakalkulatoren på ei Kjelsbu samdrift. Det er ulike prototypar for ulike bruk. Kornbønder og mjølkebønder har ulike klimaavtrykk og treng ulike variablar i sin kalkulator. Foto: Klimasmart landbruk.

Han fortel at klimakalkulatoren HolosNor skal gjere det enklare for bonden å sjå kor skoen trykker: er det metan, lystgass eller Co2 som er verstingen på min gard?

– Kalkulatoren ser på kva type produksjon du har, som avling og gjødsel, kva jordtype du har og korleis du arbeider med jorda. Den ser på geografiske forhold – kvar befinn du deg i landet og kva type vêr den plassen har, forklarer Barman.

Alle desse tala skal klimakalkulatoren hente inn automatisk. Den skal nytte dataa norske bønder allereie lyt registrere som fôrinformasjon, avlingstal og gjødslingsplan for året. Såleis skal kalkulatoren vere så enkel som mogeleg å ta i bruk.

Grafikk: Klimasmart landbruk.

– Når bonden får sine tal kan han samanlikne seg med andre gardar som har same føresetnadane og finne ut kva andre gjer som kan vere aktuelt for meg, forklarer Barman.

Rådgjevarar og fagfolk skal også stå til rådigheit for bøndene.

Les også om korleis fôrforsking kan gjere ku-rap meir klimavenleg. 

Presisjonslandbruket

Inntil kalkulatoren vert rulla ut, i løpet av 2019 og 2020, må pilotprosjekt-gardane samanlikne sine resultat med forskinga på feltet.

Det er ikkje tilfeldig at Ånestad vart valt ut som prøvekanin, han jobbar også som landbruksrådgjevar. Foto: Privat.

For kornbonden Svein Ivar Ånestad sin del, har kalkulatoren bekrefta mistanken han sjølv hadde: den store utsleppsfaktoren på hans bruk er utan tvil lystgass frå gjødslinga.

Ånestad er ikkje særleg overraska over dette, han veit at verknadane av husdyrmøk ikkje er like direkte som ved kunstgjødsel. Og lystgassutsleppet er eit resultat av at han anten har gjødsla meir enn plantane klarar å ta opp eller at bakken er for våt, slik at gjødsla vert liggande utan tilgang til oksygen under bakken.

– Det er to måtar å tilnærme seg det: Ein kan anten drenere og sørge for at jorda tørkar meir opp – det har eg sjølv fokus på og planar om å gjere meir av – eller ein kan styre gjødslinga betre. At du i større grad gjev plantane akkurat det dei trenger. Då har vi det som heiter presisjonslandbruk, fortel bonden.

Men presisjonslandbruket kjem ikkje gratis. Ånestad presiserer at nokre hjelpemiddel som sensorar og GPS vil vere så kostnadskrevjande at dei ikkje er aktuelle for ein del driftseiningar.

Les også reportasjen om odelsguten Steffen Fjellstad: Frå skulebenken til mjølkegrava

Kalkulatoren er ikkje nok

Verken Tony Barman eller Svein Ivar Ånestad trur det er tilstrekkeleg at kalkulatoren vert tilgjengeleg for bøndene, og at det åleine skal føre til at alle tek den i bruk.

– Eg ser for meg at den vert eit utgangspunkt for tilskotsordningane, seier Ånestad som trur desse i framtida uansett vert meir retta mot klimatiltak.

For endå Vestfoldbonden trur bønder har lyst til å drive meir klimvenleg, så heng handlingar saman med kostnadar og tiltak som også er lønsame vil vere meir interessante:

– Gulrot eller pisk, anten må ein verte straffa for å ikkje gjere det, eller så må ein få løn for å gjere det, seier han.

Ånestad trekker også fram at kalkulatoren må opne for å legge inn positive effektar:

– Vi i Vestfold har biogassanlegg – eit veldig vellukka prosjekt der landbruket har vorte ein viktig del av det. Det er det biogassanlegget i Noreg som tek inn mest husdyrmøk, så vi har her ein gyllen mogelegheit til å vere med å pynte på rekneskapen vår ved å dra dit. Då blir det produsert biogass til mellom anna bussane her i fylket.

Ånestad understreker at dersom bøndene gjere skikkelege grep i landbruket i Noreg, så lyt rammeverket også på plass.

Les også om Margit Fausko som køyrde frå Porsgrunn til Göteborg på biogass. 

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!