Tingretten avslo krav frå miljøorganisasjonar om å stanse oljeproduksjon
Oslo tingrett har avvist kravet frå Greenpeace og Natur om Ungdom om ein mellombels stans i oljeproduksjonen på tre olje- og gassfelt.

Miljøorganisasjonane har saksøkt staten for ikkje å ha greidd ut godt nok korleis olje- og gassfelta vil påverke det globale klimaet, men fekk tysdag avslag, melder NRK.
Organisasjonane bad tingretten beordre ein mellombels stans i produksjonen ved Yggdrasil, Tyrving og Breidablikk-feltane.
Avvist av Tingretten
Produksjonen har halde fram på to av felta, sjølv om saka framleis er til behandling. Det er eit krav om å setje desse prosjekta på vent, som no er avvist av tingretten. Domstolen meiner spørsmålet om såkalla mellombels åtgjerd allereie blir behandla i ein annan del av søksmålet, som snart skal opp for lagmannsretten.
– Fram til lagmannsretten måtte bestemme noko anna, vil Energidepartementet fortløpande behandle søknader for felta på vanleg måte, seier advokat Omar Saleem Rathore hos Regjeringsadvokaten til NRK.
– Svært uansvarleg
– Tingretten viser kravet til lagmannsretten. Det vil vere svært uansvarleg om staten gir løyve til produksjon og utbygging av dei tre ulovlege oljefelta inntil saka er ferdigbehandla i rettssystemet, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge i ein e-post til NTB.
– Greenpeace og Natur og Ungdom har stor tru på at vi vinn fram i lagmannsretten til hausten, særleg i lys av at staten tapte på alle punkt i Efta-domstolen.