Bondeorganisasjonane forpliktar seg til klimakutt

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlaget har inngått ein klimaavtale med regjeringa og forpliktar seg til kutt i klimagassar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ei viktig plattform som set kursen for vidare grøn omstilling av norsk matproduksjon, meiner organisasjonane.

Partane signerte fredag ein intensjonsavtale om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket. Dei forpliktar seg til å redusere det samla klimagassutsleppet til jordbruket med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2021–2030.

Les også: Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart

Fornøgd med semja

– Eg er fornøgd med at vi kom til ei semje. Klimaendringar truar matproduksjonen vår og er eitt av dei viktigaste spørsmåla jordbruket står overfor. Denne avtalen gir oss og regjeringa ei felles plattform for vidare arbeid for både utsleppskutt og auka opptak av karbon, seier Norges Bondelags leiar, Lars Petter Bartnes.

Utsleppsforpliktinga mot 2030 utgjer meir enn det samla årlege klimagassutsleppet til jordbrukssektoren, som ifølgje Statistisk sentralbyrå var 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i år.

Les også intervjuet med dei unge bøndene: – Dei fleste er jo interesserte i å omstille seg og vere klimavenlege. Men ein må få hjelp på vegen, og det må vere politisk vilje for det.

Malene Breingsnes Aalen (t.v.), Steffen Fjellestad og Ann-Kistin Bjørneset Sætre er elevar på naturforvaltingslinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule, som ligg i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Bente Kjøllesdal

Ambisiøst, men nødvendig

Bondeorganisasjonane meiner målet er ambisiøst, men nødvendig. Samtidig understrekar dei at avtalen legg til grunn for målet Stortinget har om auka sjølvforsyning og landbruk over heile landet.

– Regjeringa utfordra jordbruket på å kutte utslepp med 5 millionar tonn. Vi har no signert på at vi skal klare dette. Jordbruket tar delen sin av nødvendige klimakutt. Matforsyninga vår og velferd er avhengig av at alle næringar gjer sitt for at vi skal berge togradarsmålet, seier leiaren i Norsk- Bonde og Småbrukarlag, Kjersti Hoff.

Bondeorganisasjonane meiner klimaavtalen gir auka tyngde til fleire igangsette klimasatsingar i jordbruket, som auka produksjon av biogass, avlsarbeid, klimavennleg fôring og satsing på eit fossilfritt landbruk.

Les reportasjen om odelsguten Steffen Fjellstad og unge bønder si psykiske helse: Overgangen frå skulebenken til mjølkegrava er vanskeleg, og vegen frå himmelen til helvete er kort.