«Vi kjem til å ha fredagsstreik heile hausten»

Aurora Kobernus, leiar i Naturvernstudentane på UiO
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Veke etter veke i år har studentar, elevar, unge og gamle delteken i sitt-ned-aksjonar og skulestreik for klima, framfor rådhus land og strand rundt.

Nokon har trossa dårleg vêr, mange har trosset fråvær og viktig lesetid og nokon har brukt fridagar, som påsken og 17. mai, på solidaritetsstreikar.

17 fredagar for framtida

Fredag 7. juni har det vore streik heile 17 fredager på rad i Oslo. Denne fredagen blir eit svar på at Stortinget og regjeringa tilsynelatande ikkje svarer våre krav som voterast over nå på torsdag.

I Oslo har Oslo Grønne studentar saman med Natur og Ungdom, og særleg vi i lokallaget Naturvernstudentene på UiO, arrangert ein open skulestreik kvar veke foran Stortinget. Vi har streika i solidaritet med Fridays for future-rørsla, som var starta av 16 år gamle svenske Greta Thunberg.

Thunberg fekk merksemd frå heile verda då ho nekta å gå på skulen kvar fredag og studere for ein framtid ho ikkje ville få.

Ungdom som engasjerar seg politisk har funne felles grunn for semje om ein betre klimapolitikk

Med dette har ho – og dei 1,5 millionane unge skulestreikarane verda over 24. mai – brukt retten til å ytre eigne meiningar og seie ifrå om at vaksne politikarane må vakne opp og handle no.

Det har gjort at ungdom som engasjerar seg politisk har funne felles grunn for semje om ein betre klimapolitikk.

Noko av det aller beste er at så utruleg mange unge som ikkje har engasjert seg politisk før, no gjer det og har funne noko dei trur at vil hjelpa i kampen om å redde jorda frå klimakrisa.

Imponerande innsats

Gjennom 2019 har miljøengasjerte organisasjoner, parti, lokallag og enkeltpersonar arrangert to store nasjonale streikar kor rundt 50 000 gjekk ut i streik frå utdanning og jobb.

Det er imponerande at så mange tusen unge deltok, men det er desto meir imponerande med grasrota av engasjerte unge som har arrangert hundrevis av skulestreikar i heile landet – frå Mandal i sør, til Molde i vest, Moss i aust, Finnsnes i nord og langt oppe på Svalbard.

Nokre stader har ein hatt éin streik, nokre har ein hatt fleire, på to plassar har éin person streika heilt åleine, men på fleire plassar har ein fast streik til dømes på den siste eller første fredagen i månaden. Denne typen grasrotaksjon over heile landet er mangfaldig, inkluderande og manglar sidestykke i Noregs historie.

Naturvernstudentene ved UiO under skulestreiken for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Skjebnedagen 6. juni

Skulestreikarane har fire tiltak, eller krav, som skal voterast over i Stortinget 6. juni.

Det er brei semje blant dei unge om at ein krev 65 milliardar årleg til finansiering av ein berekraftig utvikling og omlegging av utviklingsland.

Ein må anerkjenne at ein lev i ein natur- og klimakrise no

Dei unge krev også at klimagassutslepp skal reduserast med 53 prosent etter 1990-tall. Videre vil vi at ein skal stanse utdelinga av nye oljelisensar.

Det burde knapt vere eit punkt kan ein nesten tenkje seg, men fjerde og siste kravet er at ein må anerkjenne at ein lev i ein natur- og klimakrise no.

Ikkje imponert

Regjeringa og Stortinget har til no ikkje imponert eller levert når dei stadig gir ut nye tildelingar av oljelisensar, til dømes dei 90 nye dei gav ut gjennom TFO-ordninga førre veke, berre dagar etter den nasjonale klimastreiken.

Dei leverer ikkje på nokon som helst måte når Noregs klimagassutslepp til og med har aukt i 2018, som ein flau og kritikkverdig motsetnad til 23 av 28 andre land i Europa som har redusert utslepp i fjor, ifølgje tal frå SSB.

Når det kjem til bistandsmidlar har politikarane på skulestreikane sjølv sagt at dei ikkje vil dele ut midlar før det finst gode prosjekt knytt til berekraft i utviklingsland. Vidare er det heilt uforståeleg at våre politikarar ikkje ein gong vil vedgå at vi lev i ei krisetid og må justere kursen vår og endra ting deretter.

Statsminister Erna Solberg talte til klimastreikarane framfor Stortinget fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Yoga framfor Stortinget

Vi arrangørane har sett oss nøydd til å fortsette streikane når resultata i klimapolitikken uteblir. Det har likevel blitt besøk av politikaren Sveinung Rotevatn, så streikane framfor Stortinget får merksemd.

Som arrangørar har vi tenkt på streikane som ein måte å skapa eit klimabevisst nettverk. Eit fellesskap kor det vert diskutert tiltak, ein lærer nye ting og det er vanleg å snakke lenge med turistane på plassen.

Vi anerkjenner at vi køyrer eit for høgt tempo for planeten og menneska, ved at dei Grønne studentane fleire gonger køyrte eit lavt tempo og vi alle deltek i yoga framfor Stortinget under streiken.

Nye streikeansikt

Ved kvar einaste streik har nye ansikt dukka opp og under kvar einaste streik har forbipasserande vist si støtte.

Kva er vegen videre no som det ser dårleg ut med behandling av krava i Stortinget?

Framfor rådhus frå Valdres til Hamar har det vore streik dei siste vekene etter den siste nasjonale streiken 24. mai. Dei har streika midt oppi eksamen og avsluttande vurderingar, akkurat slik som her i Oslo.

Kva er vegen videre no som det ser dårleg ut med behandling av krava i Stortinget?

Felles for oss alle er at vi skulestreikarar i det ganske land ikkje sluttar å streike før klimatiltaka vi etterspør vert sett i verk, anten vi bor i Stavanger eller elles i landet, går på barneskule eller studerer.

Les også: Embla (16): – Dei søv på klima. No må me stå opp og ta ansvar!

Ny nasjonal skulestreik

Vi streikar frå skulen og studier no på fredag, som eit svar på voteringa i Stortinget på torsdag.

Vi kjem til å ha fredagsstreik heile hausten fram til Stortinget har gode klimatiltak og politikarane tek ansvaret dei må.

Sjåast vi fredag 30. august for den neste nasjonale streiken, eller allereie no på fredag ein skulestreik nær deg?