Stortingskomité vil ikkje møte krava frå klimastreikarane

Tysdag publiserte energi- og miljøkomiteen på Stortinget si innstilling til klimakrava frå elevane som streika.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter skulestreiken 22. mars som samla kring 40 000 norske elvar landet over, fremja Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne kvar sitt representantforslag om at Stortinget skulle innfri krava om:

  • Ingen fleire utvinningsløyver til oljeindustrien, og skap nye klimavenlege jobbar i Noreg
  • Auke det norske klimamålet og kutt meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030
  • Minst 65 milliardar årleg i støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing i utlandet.
  • Erklære nasjonal klimakrise og følgje opp med tiltak.

Saka skal opp til avstemming i Stortinget 6. juni, men no er tilrådinga frå energi- og miljøkomiteen klar. Komiteen, med unntak av SV og MDG, rår ikkje regjeringa til å møte krava til skulestreikarane.

Fleirtalet er mot å erklære klimakrise

– Stortingsfleirtalet vender ryggen til over 40 000 ungdommar, og det er sjokkerande at dei ikkje ein gong vil gje titusenvis av skulestrikande elevar eit einaste nytt klimatiltak, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord, i ei pressemelding. 

I tilrådinga står det skrive at dei ikkje tilrår å erklære nasjonal klimakrise då «det normalt [vil] være tale om en tidsavgrenset krise som innebærer umiddelbar fare for liv og helse, for eksempel en naturkatastrofe eller en krigssituasjon».

Heller ikkje statsminister Erna Solberg (H) vil erklære klimakrise.

Statsminister Erna Solberg talte til klimastreikarane framfor Stortinget fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Trappar opp bistand?

Instillinga rår likevel regjeringa til å leggje fram ein plan om å gradvis trappe opp bistanden frå Noreg til utsleppskutt og klimatilpassing i utviklingsland, og prioritere bistandstiltak som også er berekraftige.

Samstundes anbefalar komiteen at Stortinget ber regjeringa kome med forslag til eit nytt klimaforlik som kan danne grunnlaget for nye utsleppskutt på tvers av partigrensene.

Initiativtakar til den norske streiken, Tina Razafimandimby Våje (16), seier i ei pressemelding at ho veit krava er ambisiøse og vanskelege å innfri, men at dei er nødvendige. No håpar Våje utfallet av avstemminga 6. juni vert annleis:

– Vi vil på det sterkaste oppfordre alle parti til å gå i seg sjølv og spørje seg sjølv: Vil de verte hugsa som dei som vedtok det nødvendige då det framleis var tid? Eller dei som satsa økonomi, ungdommane si framtid for kortsiktig profitt? seier ho i ei pressemelding. 

Les også: – Vi har all verda å miste på å ikkje streike igjen

Foto: Spire/Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/KFUK-KFUM Global