– Vi har all verda å miste på å ikkje streike igjen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.05.2019 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, fredag 24. mai, er det ny nasjonal skulestreik for klimaet her til lands. Den er lagt til same dag som ein større global skulestreik, der det per fredag morgon er rapportert inn 1664 streikar i 125 land.

Krava til dei som streikar er mykje dei same som ved den førre skulestreiken. Fredag 22. mars streika 40 000 elevar med tre krav:

  • Kutte 65 prosent av norske utslepp innan 2030 (samanlikna med 2005-nivå)
  • 65 milliardar årleg til klimafinansiering i u-land
  • Ingen fleire oljefelt

Per i dag har ikkje desse krava vorte innfridde. Nytt for fredagens streiken er også kravet om at Noreg lyt erklære klimakrise, slik mellom anna Storbritannia har gjort.

Statsminister Erna Solberg (H) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) skal motta krava frå dei som streikar utanfor Stortinget fredag.

Framtida.no har spurt nokre av arrangørane bak den norske skulestreiken om kvifor dei streikar nok ein gong, og kor vidt dei er uroa for at folk skal gå lei.

Spire: – Vi har all verda å miste på å ikkje streike igjen

Hege Skarrud er leiar i Spire. Foto: Spire

Leiar i Spire, Hege Skarrud, skriv til Framtida.no i ein e-post, at politisk endring tek lang tid – heldigvis og dessverre.

Særleg i møte med klima- og miljøkrisa er det uheldig at endringane ikkje skjer raskt, seier leiaren:

– Likevel, er det nettopp difor så viktig at vi møter opp og streikar igjen og igjen. No skal krava våre opp i Stortinget, og vi må vise politikarane at dei har vår støtte til å handle. Ved å vise at vi ikkje rikkar oss frå krava ved å halde fast og streike kontinuerleg, viser vi at vi ikkje er villige til å gje oss før vi får gjennomslag, skriv Skarrud og understrekar:

– Vi har all verda å miste på å ikkje streike igjen.

Spire-leiaren er heller ikkje veldig uroa for at det vert for mykje streik:

– Om noko, så trur eg at førre streik gav meirsmak meir enn at folk vil vere metta på skulestreiken. Det å stå side om side med ein horde av unge menneske som krev handling for å sikre både notid og framtid, er inspirerande og engasjerande, seier Skarrud.

Samstundes medgjev Skarrud at det kan vere svært demotiverande at nokre politikarar møter ungdommen med eit klapp på hovudet medan dei ignorerer krava.

– Det er difor viktig at vi held ved like ei god forståing av kor mykje makt det ligg i ein god streik. Streik har vore nøkkelen til mange positive politiske endringar. Og det vil vi sjå igjen.

Natur og Ungdom: – Ikkje nokon fare for at folk er lei

– Vi streikar igjen fordi vi ikkje har vorte lytta til, seier Gaute Eiterjord.

Leiaren i Natur og Ungdom meiner det at krava ikkje har vorte møtte seier mest om dei store partia, som med det ikkje har lytta til dei 40 000 ungdommane som streika.

– Vi kjem til å få til ei endring i politikken på sikt, og streiken 24. mai er eit ledd i dette.

Vi kjem til å få til ei endring i politikken på sikt

Eiterjord fortel at det også har vore ein tanke bak å la det gå to månadar sidan førre nasjonale streik: Dei skal samle mange. Engasjementet har også halde fram på lokalt nivå, og Natur og Ungdom-leiaren trur ikkje det er fare for at nokon vert metta:

– Om lag kvar veke sidan januar har det vore ein streik ein eller annan stad i Noreg, så det er så langt ikkje nokon fare for at folk er lei – vi kan heldigvis byte på å aksjonere.

Samstundes understrekar Eiterjord ovanfor dei som møter opp til streikane at dei lyt tenke meir langsiktig – det er ikkje nok å engasjere seg berre denne eine dagen. Noko han også ser spor av at ungdomen gjer: Sidan nyttår har organisasjonen fått over 2000 nye medlemmar og mange nye lokallag.

Les også: Fritt Ord-vinnar Greta Thunberg ber norske politikarar ta klimagrep

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord har god grunn til å smile – organisasjonen mottok Fritt Ords Pris 2019 og har hatt god medlemsvekst sidan nyttår. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom

KFUK-KFUM Global: – Greta Thunberg har vist oss at vi vert lytta til

Sofie Nordvik, kampanjekoordinator i KFUK-KFUM Global, påpeikar at den første streiken har ført til at Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har fremma representantforslag for Stortinget om å vedta krava. Begge desse skal opp til votering i starten av juni.
– På fredag skal vi vise politikarane at dei må ta oss på alvor. Det skal ikkje vere tvil om at vi ynskjer at dei skal prioritere klima, seier Nordvik.

Leiaren er heller ikkje særleg uroa over at folk skal verte lei skulestreikar, og avskrive verkemiddelet. Ho viser til Greta Thunberg som no har streika eitt år, og ikkje ser ut til å miste kamplysta:

– Ho har vist oss at vi vert lytta til, ikkje når vi ventar på å få ordet, men når vi tek til gatene og tek ordet.

Samstundes seier Nordvik at ungdomen er klar over at det tek tid å endre politikk, og at det ikkje er noko hinder:

– Så lenge unge menneske forstår at vi er ein del av å pushe politikk litt og litt gjennom å stå opp for framtida vår, kjem vi ikkje til å stoppe å vise at vi bryr oss.

Kampanjekoordinator i KFUK-KFUM, Sofie Nordvik, har sjølv møtt Greta Thunberg og er imponert over korleis engasjementet hennar har smitta ein heil generasjon. Arkivfoto: Andrea Rygg Nøttveit

Les også meiningsinnlegget til Sofie Nordvik og Kristin Sønnesyn Berg: – Det er kjekt at du engasjerer deg, Erna. Men gjer det på ekte – med ansvarleg klimapolitikk