– Dette viser det enorme engasjementet norsk ungdom har for framtida si. Over 36 000 har teke til gatene for å krevje klimahandling. No må regjeringa lytte! seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Sjå biletsaka om dei mange parolane som var i sving under streiken.
Dobbelt så mange som venta
I førekant av streiken rekna miljøorganisasjonen med at kring 15 000 elevar over heile landet kom til å streike. Førebelse tal syner at det var meir enn dobbelt så mange som møtte opp.
Her fortel tre av streikarane til Framtida.no kvifor dei møtte opp:
Det vart fredag mana til storstreik i over 70 byar og bygder i Noreg, frå Longyearbyen til Mandal. Ifølgje miljøorganisasjonen møtte over 20 000 born og unge i Oslo opp framfor Stortinget fredag. Samstundes streika over 4000 i Trondheim, over 1000 i Tromsø, og over 1300 i Hamar.
– I dag har vi vist at den yngre generasjonen synest ikkje noko om regjeringa sin klimapolitikk. Om vi skal ha noko som helst håp om å nå klimamåla må vi radikalt omstille samfunnet vårt. No må politikarane høyre etter! seier Eiterjord i pressemeldinga.
