Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meiner i alle fall panelet som var samla under Arendalsveka. Paneldeltakarane fekk utfordringa å sjå føre seg at me er i år 2040 og har klart å innfri togradarsmålet til FN. Me har klart å hindra temperaturauken på jorda frå å overstiga 2 grader mellom 1850 og 2100. Korleis trur dei me klarte det?

LES OGSÅ: 2020 kan verte eit skjebneår for klimaet

Adoptera dei unge sine haldningar

Hulda Holtvedt, talsperson i Grønn ungdom, under Arendalsuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– 2040 er ikkje lenge til og det er dei neste 20 åra som tel. Det er no me må gjera det, og det er de som sit med makta i dag, som må gjera det, sa Hulda Holtvedt, talsperson for Grøn Ungdom og peika ut i salen der det i stor grad var middelaldrande maktpersonar samla. 

Ho trur makthavarane vil adoptera haldningane til dei unge i større grad, og at det vil vera avgjerande for å greia å nå klimamålet. 

Gjennom økonomiske insentiv og avgifter, meiner ho politikken vil ha mykje å seie.

– At det blir billigare å velga miljøvenleg og dyrare å velge forureinande alternativ er heilt essensielt fram mot 2040. 

LES OGSÅ: Unge næringslivsleiarar trur mindre på olja enn andre

Ingen utslepp i 2040

Samstundes meiner Hulda Holtvedt at me må førebu oss på livsstilsendringar: 

– Eg vil at i 2040 og eg er 40 år, så kan eg kjøra elbil til jobben min i eit energiselskap som selger rein energi til Europa, eg et lab-kjøt til middag og tek helgeturar til London med el-fly. Det håpar eg at skjer.

Talspersonen frå Grøn Ungdom er likevel tydeleg på at utsleppskutta må koma før dette, og fram til då må ein kutta utsleppa med dei verktøya me har i dag.

– Me må slutta å gjera det som forureinar. Det skal kosta å sleppa ut COi atmosfæren og i 2040 er det ingen som gjer det lengre fordi det er så sjukt, sjukt dyrt, meiner ho.

Oljefondet fortel ho at me vil bruka på å investera i det grøne skiftet over heile verda, med formål om å vera eit verktøy i klimakampen og for å få næringslivet i heile verda med på det grøne skiftet. 

LES OGSÅ: Samferdsleminister Dale: – Tåpeleg med flyskam

Hans Petter Graver, Jussprofessor, Universitetet i Oslo og Det Norske Vitenskaps-Akademi, under Arendalsuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Kollaps, Trump-diktatur eller tek næringslivet ansvar?

Hans Petter Graver er jussprofessor ved Universitetet i Oslo og Det Norske Vitenskaps-Akademi, og fortel at løysinga først og fremst ligg utanfor Noreg.

– Me har ikkje nådd klimamålet, viss ikkje Kina, India, USA har gjort noko drastisk. 

Han fortel at det historisk sett berre har skjedd utsleppsreduseringar av betydning, under store kriser som Berlinmurens fall og finanskrisa. 

Frå scena skissa Graver opp tre ulike alternativ til korleis me vil kunne klara å nå klimamålet i 2040. Ikkje alle er like gunstige.

Scenario 1: Tippepunktet vert nådd

– Eitt scenario er at ingenting skjer, fortel Graver. 

Då vil utsleppa halde fram med å auke til me når tippepunktet, forklarar professoren. Om temperaturen på kloden stig og stig vil det ha katastrofale følgjer, særleg for utsette land. Permafrosten vil smelte, Amazonas vil tørke ut og verte ein ørken. Mange vil lide av matvaremangel og naud. 

– Når byar som Amsterdam, Shangai og New York blir ramma av havstigning, vil forsikringsselskapa gå konkurs, finansmarknaden bryta saman, oljefondet forsvinna, arbeidsplassar forsvinna, pensjonar forsvinna – og utsleppa vil gå ned, fordi alt går i stå, seier han.

Scenario 2: USA og Kina får kontroll

Det andre scenarioet han skissar opp, er at Donald Trump i USA greier å få Nord-Korea til å fjerna atomvåpena, og av overmot ser etter det neste store prosjektet.

– Han set seg føre å løysa klimakrisa og gjer ein avtale med Xi Jinpingpresidenten i Kina. Dei lagar eit energikartell, retta mot fossil energi for å tena pengar på fornybar energi. Belt and road («Det 21. århundrets Silkevei», journ.anm.) rullar ut med kjernekraftverk beskytta av kinesiske og amerikanske soldatar.

Slik vil kartellet ramma Noreg og me vil bli tvungne til å stoppa all utvinning av olje, for å få halda fram å selja laks og få støtte gjennom NATO mellom anna. 

– Me greier å omstilla oss og eksporterer ny karbonfangstteknologi til Saudi-Arabia, Russland osv. Prisen er likevel at alle land er under diktat av USA og Kina, som brukar våpenmakt for å få dette i gang. Ikkje så oppløftande, sjølv om klimakrisa då vil vera løyst, seier han.

Scenario 3: Næringslivet tek grep

Løysinga må vera global, og eitt tredje scenario professor Graver ser for seg er at næringslivet blir løysinga.

– Kva strekk seg utover Noreg, er globalt og noko me kan påverka, utanom Kina og USA? Jo, næringslivet. 

Gjennom samarbeid mellom politiske organ og marknaden, meiner han det er mogleg.

– Berre frivilligheit, som det er i dag, går ikkje. Me må ha offentleg regulering, som tvinger selskap som ikkje omstiller seg ut av marknaden og som premierer dei som gir løysingar. I tillegg kjem skatte- og avgiftspolitikken som må støtta opp om dette. Gjer me dette har me kanskje mulighet til å unngå eitt av dei to første scenarioane, viss ikkje hamnar me i eitt av dei. 

LES OGSÅ: Penelope Lea (14): – Klimakrisa krev ekstraordinær kjærleik

Teknologi som redning

Maria Moræus Hanssen, Chief Operating Officer og Deputy CEO i gass- og oljeselsapet Wintershall Dea, under Arendalsuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Med i panelet var også Maria Moræus Hanssen frå olje- og gasselskapet Wintershall Dea.

Ho meiner at dersom me har nådd klimamålet i 2040, har me greid å dekarbonisera.

– Kvifor har me greidd det? Fordi teknologi faktisk virkar. Politikk virkar ikkje alltid. Mykje skjer politisk, men dei store selskapa har globale forbrukarar. Det er dei globale forbrukarane som må ha tvingt selskapa til å endra kurs og bli bærekraftige, om me har greid dette i 2040. Det er forbrukarmakta, som er global, som kan få oss til å vera ein del av løysinga.

LES OGSÅ: SV-leiaren: – På tide at me innser at me er i ein naudsituasjon

Mindre energi i 2040 enn i dag

Maria Moræus Hanssen meiner også at verda må få ei enorm energieffektivitet, som resulterer i billig energi.

– Fram til 2020 har me alltid tenkt at ein må auka produksjonen av energi for å skapa økonomisk vekst. Men på grunn av teknologi og energieffektivitet, som allereie er dominerande i Europa, vil me globalt bruka mindre energi i 2040 enn i dag. Det betyr masse! Energi kjem nesten til å vera så billig som luft, seier ho. 

Hanssen har sjølv delteke på fleire liknande debattar i Europa og fortel at det gong på gong er med eit nasjonalt perspektiv. Difor trur ho heller ikkje politikken kan løysa det globale problemet.  

– Det er teknologien som kjem til å redda oss. Beklagar, men eg trur ikkje politikken greier å gjera det. 

Klarar me å nå målet i 2040?

Ordstyrar Bergestuen måtte stilla det store spørsmålet til slutt: Klarar me å nå målet i 2040? 

Ikkje alle var like overbevist:

– Fordi me må, kan me ikkje tru noko anna, svarar Sverre Thornes. 

– Næringa er allereie langt framme, men politikarane må henga med, seier MDG-Holtvedt.

– Me i næringa føler også på det no, og det må ei oppvakning til, seier Hanssen.

– Eg er redd me gjer for lite, for seint. Men det gledar meg at mykje utviklar seg rett no, avslutta Graver. 

LES OGSÅ: Even brølar for klima kvar dag klokka 12.00: – Brøling er den nye normalen