Plast i havet: – Koplinga med klima er enkel å sjå

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eksisterer ein del myter om marin forsøpling, seier Ingeborg Mørk-Knutsen, seniorrådgjevar ved Hav- og forureiningsavdelinga i Klima- og miljødepartementet.

Ho meiner mytane delvis skuldast tabloide journalistar og politikarar som likar å ha enkle tal å forhalda seg til.

Mørk-Knutsen får støtte av Jan-Gunnar Winther, direktør i ved Senter for hav og Arktis, som peikar på at ein kanskje må gå rapporten som viste at det kan vera meir plast i havet enn fisk innan 2050 litt nærare etter i sømmane.

Dei deltek på debatten Problemet havplast – en behagelig distraksjon? under Arendalsveka.

På hovudspørsmålet for debatten svarar alle dei fire paneldeltakarane «nei».

Strupa tilførselen

Eit anna døme på plastmyter er rapporten som viste at 10 av verdas elver stod for heile 90 prosent av plastforureininga i verda, noko som ikkje viste seg å stemma sidan forskarane berre hadde sett på 57 elver. Myten er ein av fleire som vert tilbakevist på nettstaden Marine Litter, som er driven av GRID-Arendal, som òg er ein av arrangørane av debatten.

GRID-Arendal freistar å knusa myter med nettstaden Marine Litter. Skjermdump

– Plast er ikkje plast, det er svært ulike typar plast, understrekar Christina I. M. Abildgaard, avdelingsdirektør for hav ved Norges forskningsråd.

I store delar av Noreg kjem brorparten av den marine forsøplinga frå land, medan situasjonen i Nord-Noreg er speglvend. Der kjem det meste frå den maritime næringa.

Difor er det ikkje ei løysing som passar alle stader, som Mørk-Knutsen peikar på.

Den årlege strandryddeaksjonen samlar tusenvis av frivillige årleg og får gjerne mykje mediemerksemd.

Havforskar Bjørn Einar Grøsvik meiner strandrydding er viktig, både for haldningsskaping, men òg fordi prosessane i strandsona som bryt plast ned til mikroplast går raskt, likevel er han ikkje i tvil om kva hovudutfordringa er:

– Me må strupa tilførselen, slår han fast.

Frå venstre: Havforskar Bjørn Einar Grøsvik frå Havforskingsinstituttet, Ingeborg Mørk-Knutsen, seniorrådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jan-Gunnar Winther, direktør i ved Senter for hav og Arktis og Christina I. M. Abildgaard, avdelingsdirektør for hav ved Norges forskningsråd.

Les også: På denne festivalen kan du betala inngangsbilletten med plastavfall

Plast er olje

Plast vart for alvor sett på dagsordenen under FNs miljøforsamling i 2014. Men forskarar har åtvara mot problemet sidan 70-talet.

Mørk-Knutsen peikar på at marin forsøpling er eit lokalt, regionalt og globalt problem, men at det framleis ikkje finst ein global avtale for å takla problemet.

Ho meiner FN-tiltaka har gått utruleg fort, men Jan-Gunnar Winther meiner det ikkje går fort nok.

Direktøren for Senter for hav og Arktis meiner å sjå eit auka medvit i miljøspørsmål, men er ikkje sikker på om medvitet rundt klimaspørsmål har auka tilsvarande.

Han peikar på prognosar som seier at 5-6 prosent av dagens oljeproduksjon går til plast, eit tal som er forventa å auka til 15 prosent i 2050.

– Så koplinga med klima er enkel å sjå, understrekar Winther.

Les også meiningsinnlegget: Ei påminning til dei som vil stoppe oljeboringa tvert

Utfordringa under havoverflata

Den største utfordringa med marin forsøpling er derimot ikkje like synleg. Tala er usikre, men ein reknar med at kring 30 prosent av den marine forsøplinga ligg anten i strandkanten eller i havoverflata.

Dei resterande 70 prosentane reknar ein med er å finna i ulike organismar. Nokre meiner talet kan vera over 90 prosent.

– Den største utfordringa er å rydda havbotnen, slår Bjørn Einar Grøsvik fast.

Han peikar på at dette kan verka enkelt nok langs kysten av Arendal, men straks vert mykje meir komplisert når ein kjem til 2000 meter djupne.

Det er brei konsensus i panelet om at det er behov for meir kunnskap.

– Plast forsvinn ikkje. Det vert verande og blir brote ned i mindre og mindre bitar, slik at me finn høge nivå på heilt avsidesliggjande plassar, som polisen. Me veit ikkje veit ikkje kor høge nivå ein skal ha for å skapa problem for økosystema, seier Bjørn Einar Grøsvik.

Les også: Nordmenn bruker dobbelt så mange plastposar som svenskane

Åtvarar mot «silotenking»

Jan-Gunnar Winther åtvarar mot det han kallar «silotenking», framfor å sjå utfordringane med tap av mangfald, plastforsøpling og klimautfordringane under eitt.

Både han og plastforskar Bjørn Einar Grøsvik meiner det er viktig at kvar enkelt gjer noko med forbruksmønsteret sitt.

– Me må gjera ting som monnar. Det kjem til å gjera vondt, men det kan bli betre etterpå, seier Jan-Gunnar Winther, som får støtte av resten av panelet.

Les også: Hundrevis av haiar og rokkar sit fast i plast og fiskeutstyr i havet

Denne makrellhaien i Stillehavet har vikla seg inn i eit fiskesnøre og fått skade på ryggen fordi den nok ikkje var fullvaksen og difor heldt fram med å vekse. Foto: Daniel Cartamil