Neste helg brakar det laus på øya Giske utanfor Ålesund med den årlege Sommarfesten på Giske. Nytt av året: Du kan betale inngangsbilletten med plast!
Kravet er at plasten skal vere plukka i naturen eller på stranda, det nyttar ikkje å ta med plastbosset frå heimen.
– Dei fleste festivalar, også våre, har ein veg å gå for å drive mest mogleg berekraftig, men i år tek vi nye steg i riktig retning, seier festivalsjef Ante Giskeødegård i ei pressemelding.
Det var NRK som først omtalte saka.
Moddi rosar initiativet
Laurdag kan festivaldeltakarane såleis legge inn ein innsats for miljøet, og i døra betale med ein søppelsekk plast i staden for ein femhundrelapp. Søndag plar Sommarfesten ha eit spleiselag – ein betalar den summen ein vil, eller tek med ei kake til eit felles kakebord. I år kan spleisekassebidraget også vere ein haug strandplast.

Laurdag står artisten Moddi på scena for tredje gong. Han rosar Sommarfesten for å ta samfunnsansvar:
I pressemeldinga opplyser festivalen om at den innsamla plasten vert brukt til ein kunstinstallasjon på festivalområdet, før den så skal resirkulerast.
– Plast i havet er eit stort problem, og det er viktig for oss å ta ansvar, seier Giskeødegård.
Festivalsjefen seier dei i tillegg til å akseptere plast som betaling innfører konkrete tiltak for å redusere bruken av plast på festivalen og for å rydde området.
Prosjektet «Spleis med plast» er i samarbeid med Sparebanken Møre og Plastfritt Hav.
Les også: Nær 3 av 4 er bekymra for plastinnverknad på miljøet