Hundrevis av haiar og rokkar sit fast i plast og fiskeutstyr i havet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny forsking frå Universitetet i Exeter syner at fleire hundre haiar og rokkar viklar seg inn i plast og forlatt fiskeutstyr i verdshava.

Det kjem fram i ei pressemelding frå universitetet, som Forskning.no først omtalte.

Twitter som datasamlar

Ved hjelp av eksisterande studiar og Twitter har forskarane ved det britiske universitetet funne over 1000 tilfelle der haiar og rokkar sit fast i plast og fiskeutstyr.

Samstundes seier forskarane at talet nok er langt høgare, sidan få studiar har fokusert på korleis haiar og rokkar set seg faste i plast.

Medforfattar og professor Brendan Godley fortel at deira studie er den første som brukar Twitter for å samle slik data. Vidare fortel professoren at resultata frå det sosiale mediet synte at problemet også strekk seg til artar og plassar som tidlegare ikkje har vore registrerte i akademiske artiklar.

Denne kvithaien som hadde vikla seg inn i eit tau hadde hell i uhellet – Nokre dykkarar klarte å frigjere den:

Les også: Det første pattedyret til å bli utrydda grunna menneskapte klimaendringar

Ikkje den største trugselen, men…

Dataane synte at haiane og rokkane oftast vikla seg inn i forlatt fiskeutstyr, til dømes garn og liner, men også plastposar og stroppar dukka opp.

Forskarane trur ikkje dette er ein stor trugsel for framtida til haiar og rokkar, men understreker likevel at dette er éin av fleire trugslar som møter desse artane. Dei er blant dei mest truga i havet i dag, og vert særleg utfordra av kommersielt fiske.

I pressemeldinga seier Professor Godley at dei større trugslane som overfiske og at haiar og rokkar ved eit uhell kjem med ved fiske av andre artar, kan ha ført til at plast- og fiskeutstyr-problematikken til no ikkje har vorte granska.

Kristian Parton frå Center of Ecology and Conservation ved Universitetet i Exeter påpeiker at dette også påverkar dyrevelferda, då det kan føre til smerte, lidingar og også død.

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda