Kva kan vi gjere med plast i havet?

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.07.2021 08:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå NUPI Skole. 

Plast er eit materiale av grunnleggjande betyding i det moderne samfunn. Det har tallause bruksområde, frå innpakkinga av mat i butikkhyllene til klede og forbrukarelektronikk. Det er i det heile tatt vanskeleg å førestille seg dagens samfunn utan plast.

Plast vart funne opp på 1800-talet, men plastprodukt har vorte vanlege først dei siste 50 åra. Sidan 1950 er det produsert totalt kring åtte milliardar tonn plast, og produksjonen aukar raskt. Halvparten av dette er laga sidan 2004. Årleg vert det no produsert over 300 millionar tonn – tilsvarande 900 bygningar på storleik med Empire State Building, og det er venta at produksjonen vil fortsetje å vekse i åra framover.

Plastmateriale har eigenskapar som gjer dei svært nyttige i mange samanhengar. Men dei har også lang haldbarheit og er tunge å bryte ned i naturen. Dette gjer at plastprodukt ofte vert eit forsøplingsproblem, som når handleposen hamnar i naturen i staden for i søppelkassa, eller når linsene vert kasta i doen i staden for i søppelbøtta.

Dette skapar store utfordringar. Desse er dels visuelle – forsøpling er ikkje fint å sjå på. Dels er dei mykje meir alvorlege, som når ein sel viklar seg inn i tau som nokon har kasta eller mista på havet, eller når ein kval et plastposar i staden for maneter. Globalt reknar ein med at over 10 millionar tonn plastsøppel endar opp i hava kvart år. Det svarar til meir enn 27.000 tonn per dag.

Illustrasjonsoto: Rey Perezoso/Flickr/CC BY SA-2.0

Les også: Dette veit forskarane om plast i havet

Kva er plast og kva vert det brukt til?

Det fins eit utal plastprodukt som vert brukte til eit utal forskjellige formål. Plast vert laga i hovudsak av olje, og om lag seks prosent av verda sitt forbruk av olje går med til denne produksjonen. Dette svarar omtrent til forbruket til verdas luftfart. Produksjonen av plast er såleis også eit betydeleg bidrag til utslepp av klimagassar og den globale oppvarminga.

Ulike plastprodukt har ulike eigenskapar. Den største gruppa av produkt er emballasje, som omfattar rundt ein firedel av den totale produksjonen. Dette er ofte produkt berekna på eingongsbruk og vert difor til søppel etter bruk.

Plast vert i dag brukt i framstillinga av eit utal produkt. Hovudgrunnen til dette er at plast er billeg, haldbart og sterkt i forhold til vekta. Det kan difor med fordel erstatte til dømes metall. 15 prosent av dagens bilar vert laga av plastmateriale, og flyprodusenten Boeings nye Dreamliner består av cirka halvparten plast. Eit breitt spekter av klede vert framstilt av plast, som til dømes goretex-jakker og fleece-genserar. Forbrukarelektronikk som PC-ar og mobiltelefonar inneheld mykje plast. I tillegg finst plast i mikroskopiske storleikar i kosmetikk, tannkrem og mange andre produkt vi brukar kvar dag.

Les også: – Vi har undervurdert mengda mikroplast

Kva består plastproblemet i?

Kjernen i plastproblemet er at det meste vert kasta – det vert brukt berre éin gong. Dette, kombinert med at plasten knapt vert broten ned i naturen, skapar store problem. Det er berekna at det går 450 år før ei plastflaske brytast ned. Dermed får vi over tid ei veldig opphoping av plastsøppel. Forskarar har rekna ut at av dei åtte milliardar tonn plast som er produsert sidan 1950, er rundt 5 milliardar tonn – over halvparten – vorte til søppel. Dersom dette hadde vore ei 70 meter høg søppelfylling, ville den strekt seg ut over 57 km2, tilsvarande bydelen Manhatten i New York City.

Mykje av dette søppelet endar dessverre opp i hava. Det er berekna at så mykje som rundt 10 millionar tonn plast finn sin veg dit årleg. Akkumulert over tid antar ein at rundt 150 millionar tonn plast no flyt på eller oppheld seg i eller under vassmassane. Det meste hamnar til slutt på havbotnen. Det er funne plast sjølv i dei djupaste havområda på kloden, djupare enn 10.000 meter.

Vil skil mellom plast, mikroplast (mindre enn 5 mm) og nanoplast (mindre enn 1 mikrometer, eller 0,001 mm). Medan plastavfall er lett synleg, er mikroplast og nanoplast vanskelegare å sjå og har difor ikkje vorte gjenstand for særleg merksemd før nyleg. Over tid vert nemleg plasten i vatnet sliten opp i mindre bitar og vert til mikroplast. Det er også ein betydeleg tilførsel av mikroplast til hava gjennom produkt som inneheld mikroskopiske plastpartiklar, slik som tannkrem, reingjeringsmiddel og måling.

Ganges, ei av verdas desidert mest ureina elver, står for 550 millionar kg av mikroplasten som blir send ut i havet åleine. Foto: Alexandr Zykov/Flickr/CC-lisens.

Les også om rapporten som syner at 95 prosent mikroplastureining i havet kjem frå ti elvar.

Kva er kjeldene?

Ein finn plast i alle hav, til dels i store mengder. Det er funne store samlingar av plastsøppel i såkalla gyrer i Stillehavet, område der havstraumane møtast og fører saman søppel i store konsentrasjonar. Sjølv i Polhavet har ein funne plast – ei undersøking viste at ein liter smelta is innheldt 234 partiklar. I norske havområde er det påvist at det finst over 200 bitar av søppel per kvadratkilometer, og plast er den største kategorien innan søppel.

Om lag 80 prosent av plasten i havet kjem frå kjelder på land, medan resten kjem frå mellom anna skipstrafikk og fiskeriverksemd. Meir enn halvparten av plastavfallet kjem frå fem land: Kina, Indonesia, Filippinane, Vietnam og Sri Lanka. Hovudgrunnen til at desse landa skil seg ut, er stor befolkning, rask økonomisk vekst og manglande eller mangelfull avfallshandtering. Dermed vert ikkje plastavfall tatt vare på og når havet via elvar og andre landbaserte kjelder.

Søppelet er ikkje jamt fordelt i havet – i område med mykje næringsverksemd og stor befolkningstettleik vil det ofte vere større konsentrasjonar av plastsøppel enn andre stadar. Det er det sørlige Asia som har den største opphopinga av plastforureining.

Les også: Havforskarar lagar plastsøppelkart

Kva er konsekvensane?

Plastforsøpling av havet er eit av våre mest alvorlege miljøproblem, og det er aukande over tid. Som påpeikt over, er problemet dels visuelt, noko som rører ved til dømes turisme negativt. Dels er det store problem med tapt fiskereiskap, til dømes såkalla «spøkelsesgarn», som held fram med å fiske og bidreg til auka press på fiskebestandane. Under Fiskedirektoratet si årlege opprydding i 2017 vart det funne 10 tonn død fisk i fiskereiskapane som vart henta opp av sjøen under aksjonen.

Eit anna problem er som nemnt at fiskar, fuglar, skilpadder, selar og andre dyr set seg faste i plast eller at dei får det i seg. For i underkant av to år sidan fann forskarar på Sotra utanfor Bergen ein sjuk gåsenebbkval med 30 plastposar og store mengder mikroplast i magen. Denne måtte avlivast. Vi har også undersøkingar ved Svalbard kor ein har funne at også sjøfugl har plast i magen. I tillegg er det langs heile norskekysten funne plast og mikroplast i blåskjel, som ligg på botnen og filtrerer sjøvatnet.

Plast har vorte ein del av havet. I alle trinn i næringskjeda vert det funne plast og mikroplast. Når plast vert brote ned til mikro- og nanostorleikar er forureininga mindre synleg for det blotte auget, men vi har førebels ikkje oversikt over det totale konsekvensbilete eller korleis det påverkar oss menneske. Det vi like fullt veit no er at menneske også har mikroplast i kroppen. For kort tid sidan fann austerrikske forskarar ut at plast har funne vegen inn i magesekkane våre. Kor vidt menneske kan verte sjuke av dette, er eit viktig forskingsområde.

Les også saka frå forskarar fann ensten 6 kg plast i magen på ein spermkval som vart skylt i land i Indonesia. 

Spermkvalen som vart funne død på ei strand i Indonesia skal ha hatt over 1000 bitar plastikk i magen. Foto: WWF-Indonesia/Kartika Sumolang

Kva kan gjerast med plastproblemet?

Befolkningsvekst og økonomisk utvikling vil halde fram, og av det følgjer også høgare etterspurnad etter plastprodukt. Dermed ligg det an til at mengda plast som hopar seg opp i hava, vil auke – med mindre noko drastisk vert gjort.

Det tiltaket som vil monne absolutt mest, er å begrense tilførselen av plastavfall frå land til sjø. Det finst ei rekkje initiativ for å samle opp plast på havet, men effekten av desse tiltaka er førebels uviss. Gjennom internasjonale avtaler er det forbode å dumpe avfall frå skip.

FN sitt berekraftsmål nummer 14 siktar mot ein betra miljøtilstand i verdshava. Delmål 14.1 handlar om reduksjon av forureining, spesielt frå landbaserte kjelder innan 2025. Vidare har FN si miljøforsamling sidan 2014 arbeidd med plastproblemet, og i 2017 vedtok ein der ein nullvisjon for plast i havet og vektla mellom anna betre avfallshandtering. Å komme dit vil krevje betydeleg arbeid. EU har nyleg vedtatt ein plaststrategi som skal gje redusert bruk av plast og betre handtering av avfall gjennom ein såkalla sirkulær økonomi. Kina har i ei årrekkje vore ein stor importør av plastavfall frå vestlege land for avfallshandtering og resirkulering. Denne ordninga er no under avvikling, noko som vil krevje større kapasitet til handtering av plastavfall i mange andre land.

Også i bistandssamanheng er det no stor merksemd rundt plastforureining av hava, og den norske regjeringa har løyvd 1,6 milliardar kroner over dei neste fire åra til bistand for å nedkjempe plastproblemet.

Var du klar over at det djupaste punktet under havoverflata er djupare enn Mount Everst er høgt? Les også denne saka om det forunderlege og uoppdaga havet. 

Kva gjer vi i Noreg?

Noreg har store havområde (meir enn fem gongar landarealet) med til dels betydeleg næringsaktivitet. Havstraumane langs norskekysten går nordover og kan føre forureining frå kontinentet.

I Noreg har vi system for avfallshandtering som fangar opp mykje av plastsøppel. For det synlege søppelet i strandsona er det eigne ryddekampanjar. Strandryddeveka 2018 hadde rundt 90.000 deltakarar. Det finst returordningar for fiskereiskapar og plastavfall. I tillegg soknar som nemnt Fiskeridirektoratet årleg etter tapte reiskapar. Den største kjelda til plastforureining i Noreg er likevel – kanskje overraskande – slitasje av bildekk.

Grafikk: Framtiden i våre hender

Auka merksemd og betre teknologi

Forureining av verdshava er eit betydeleg globalt miljøproblem. Forureining i form av søppel, og spesielt plastsøppel, er eit av dei mest omfattande av desse problema. Kjernen er at produksjon og forbruk av plast er aukande samstundes som plast er tungt å bryte ned i naturen. Ein stor del av plasten vert brukt i eingongsprodukt, og når desse ikkje vert fanga opp i velfungerande system for avfallshandtering, endar dei i naturen og i havet.

I eit globalt perspektiv er det aller viktigaste tiltaket at ein må få på plass gode ordningar for avfallshandtering og oppsamling av plast der slike manglar. Det er dette som er avgjerande viktig for å stanse tilførselen av plast til hava.

Spørsmåla rundt plastsøppel og forureining av hava har fått auka merksemd dei siste åra, men medan vi ventar på at ei rekkje land skal få betre avfallshandtering, at det vert utvikla teknologi for å samle plast på havoverflata og at plastproduksjonen vert bremsa betydeleg, vert plasten som allereie er i hava, broten ned i mindre og mindre partiklar. Mikro- og nanoplasten er nærmast vorte ein del av økosystemet i havet. Men i motsetnad til andre element i dette økosystemet, brukar det hundrevis av år på å verte brote ned, og i mellomtida vil det gjere stor skade på naturen, dyr og mogelegvis oss menneske.

Les også: Enorme mengder plast i havisen nord for Noreg