Torstein Lerhol: – Eg kjem ikkje berre til å bli ein funksjonshemma ordførar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol, vil ha betre representasjon i politikken. Foto: Markus Søgård, Unge funksjonshemmede

– Det er eit demokratisk underskot av unge med funksjonsnedsettingar. Me ser at mangfaldet ikkje vert representert, for mangfald er meir enn kjønn og seksualitet, seier generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol.

Ein har ikkje sikre tal på kor mange nordmenn som har nedsett funksjonsevne fordi tala gjerne varierer med ulike definisjonar. Ifølgje SSB si Arbeidskraftsundersøking ligg delen av befolkninga på mellom 15 og 18 prosent i aldersgruppa 16-66 år. I 2017 var delen 17 prosent, noko som tilsvarar om lag 605 000 nordmenn.

I nominasjonsprosessane til dei politiske partia vert det lagt vekt på mellom anna kjønn, alder, yrkesbakgrunn, geografisk spreiing og etnisitet, men framleis er personar med nedsett funksjonsevne underrepresentert.

Blant dei som har vist veg er mellom anna stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Tove Linnea Brandvik, som tidlegare har vore ordførar i Lindås kommune og tidlegare fylkesvaraordførar i Østfold, Per Inge Bjerknes (Sp).

Les også: Berre i Senegal slo Noreg på antal folkevalde kvinner

Søstera er ikkje overraska

Førre veke meldte NRK Hedmark og Oppland at 32 år gamle Torstein Lerhol, som òg er bror til Synne Lerhol, er ordførarkandidat for Senterpartiet i Vang i Valdres.

På grunn av den arvelege sjukdommen spinal muskelatrofi (SMA) er senterpartipolitikaren avhengig av rullestol og personleg assistanse døgnet rundt. Det har ikkje stogga han frå å engasjera seg politisk.

– Som søster er eg på ingen måte overraska, fordi han har ein enorm arbeidskapasitet og ein enorm vilje og kjærleik for lokalsamfunnet, men det er alltid interessant å sjå reaksjonane. Me håpar jo på eit samfunn der det ikkje er nyheiter, men heilt gjengs at ein person med funksjonsnedsetting er ordførarkandidat eller på topp fem på listene, seier Synne Lerhol.

Les også: Eldre menn og yngre kvinner mest aktive i politikken

Partipolitikk eller interessepolitikk

Ordførarkandidat i Vang Senterparti, Torstein Lerhol, meiner det er viktig med representasjon av alle typer grupper i politikken. Han tykkjer difor det trist at personar med nedsett funksjonsevne er sterkt underrepresentert.

– Eg ser at mange vel å engasjera seg interessepolitisk, framfor partipolitisk. Det er eit heilt legitimt val, men eg saknar at fleire hadde valt å gå partipolitisk, seier Lerhol på telefon til Framtida.no.

Senterpartipolitikaren sit i både kommunestyret i Vang og fylkestinget i Oppland. Han meiner at det å få fleire med nedsett funksjonsevne inn i politikken er ei tovegs-greie. At personar med nedsett funksjonsvene må melde seg inn i parti og vise at dei er engasjerte og at partiet må vera villig til å ta imot.

Forståing innanfrå

Sjølv har Torstein Lerhol vore medlem av Senterpartiet sidan han var 19 år og trur at det har vore med å skapa forståing innanfrå.

– Eg meiner eg har vore med å normalisere det å vere funksjonshemma i mitt parti, berre ved å vere meg og vise kva eg får til. Ved å stille opp på kommunestyremøte, rådsmøte og partimøte og visa partikollegaar kven ein er og kva ressurs ein er vil alle politikarar få ei djupare forståing av ressursen av verdiane me representerer, understrekar 32-åringen.

Viktig kompetanse

Synne Lerhol understrekar at Unge funksjonshemmede som partipolitisk uavhengig organisasjon ikkje støttar ein kandidat framfor andre, men meiner det er viktig at unge med funksjonsnedsettingar engasjerer seg i demokratiet og vert valt inn i styre og stell.

– Det er viktig at partia tør å satsa på unge som har funksjonsnedsettingar. Kompetansen deira kan vera veldig viktig i programarbeidet fordi mange av tenestane i kommunen er tenester dei brukar kvar dag, seier Lerhol.

Gabriel Wilhelmsen Hoff, 2. nestleiar Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) og regionleiar i NHFU Aust meiner Torstein Lerhol er eit viktig førebilete. Foto: Privat

– Burde ha kome lenger

Òg Gabriel Wilhelmsen Hoff, som er 2. nestleiar i Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) skulle ynskje han levde i eit samfunn der det ikkje er ein sensasjon at ein person med nedsett funksjonsevne stiller til val som ordførar.

– Det er første gong eg har høyrt om ein person med nedsett funksjonsevne som tek på seg eit verv som ordførarkandidat, noko som seier litt om at me kanskje burde ha kome lenger. Det er jammen på tide at me får nokon med såpass stort verv inn i politikken, seier Hoff på telefon til Framtida.no.

Hoff peikar at mange elevar med nedsett funksjonsevne ikkje får fullført grunnskulen gjennom eit normalt løp på grunn av dårleg tilrettelegging.

– Det kan føra til at dei går glipp av ein del som er greitt å få med seg der ein diskuterer politiske spørsmål. Alt heng saman. Det må vere mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å kome til på arenaar der politikk vert diskutert, understrekar 2. nestleier i NHFU.

I høve verdsdagen for personar skreiv NHFU-leiar Tamarin Varner om korleis manglande universell utforming stenger menneske ute. Les innlegget her!

Forventningsbarriere

Generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol, understrekar at tillit ikkje er noko ein får automatisk, men noko ein må gjere seg fortent til. Ho oppmodar difor unge med funksjonsnedsettingar til å engasjera seg politisk, stilla opp på møte og seia meininga si slik at dei kan jobbe seg opp på partilistene.

Både Hoff og Lerhol meiner universell utforming er eit viktig stikkord for å fjerna barrierar for at personar med ulike funksjonshemmingar kan delta i politikken, men peikar òg på eit meir usynleg hinder.

– Mange funksjonshemma vert møtt med låge forventningar og må jobbe dobbelt så hardt for å bevise at dei er på eit vanleg nivå. Det er viktig at fleire stiller til val, så folk kan sjå at funksjonshemma meistrar å sitje i tillitsverv, seier Synne Lerhol.

Ein ordførar for alle

Torstein Lerhol meiner i likheit med Unge funksjonshemmede og NHFU at kommunane har ein veg å gå innafor mellom anna område som BPA, men understrekar at han som politikar er oppteken av meir enn personar med funksjonsnedsettingar sine rettar.

– Om eg er så heldig og vert ordførar, så vert eg ordførar for heile kommunen noko som betyr at eg òg vil arbeida for å skapa arbeidsplassar, bevara Vang som landbrukskommune, gode omsorgstenester og at tunellar og vegar er på stell. Eg kjem ikkje berre til å bli ein funksjonshemma ordførar, understrekar Lerhol.

Mål: 1724 innbyggjarar innan 2020