Rapport: Digital mobbing skaper skulefråvær
– Alvorleg og urovekkande, seier forskar.
Éin av ti elevar på vidaregåande skule har vore borte frå skulen etter å ha opplevd noko vanskeleg i sosiale medium, viser ein ny rapport frå NTNU.
I rapporten frå NTNU Samfunnsforskning svarer 34 prosent ja på spørsmål om dei har opplevd noko kjipt eller vanskeleg på sosiale appar som gjorde dei sint, trist eller lei seg, skriv Klassekampen.
Av dei som svarte ja, oppgav 43 prosent av jentene og 31 prosent av gutane at hendinga førte til fråvær frå skulen. I tillegg svarte 60 prosent av jentene og 46 prosent av gutane at dei har mistrivst på skulen etter slike hendingar.
Beate Hygen, som er ein av forskarane bak rapporten, karakteriserer samanhengen mellom sosiale medium og fråvær som alvorleg og urovekkjande.
– Eg er bekymra, fordi det seier noko om alvorsgrada i det som blir opplevd. Ekskludering, trakassering og mobbing er problematisk i det verkelege livet, men i sosiale medium er det så ukontrollerbart. Rykte og uthenging blir spreidd fort og når langt, seier forskaren.
2400 personar har svart på undersøkinga som er send til 44 vidaregåande skular fordelte på sju fylke. Rapporten er eit supplement til Elevundersøkinga i år.