– Kvinner med funksjonsnedsettingar møter fleire hinder enn andre kvinner
Medan funksjonsfriske kvinner ofte kjempar for å bli sett på som meir enn sitt kjønn, gløymer folk at kvinner med funksjonshemming òg har eit seksualliv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nokre med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom vert møtt med direkte kommentarar og spørsmål om korleis dei har sex. Andre opplever indirekte fordommar, seier Anette Remme.
Ho er prosjektleiar for seksuell helse i paraplyorganisasjonen Unge funksjonshemmede.
Etterlyser normalisering av ulike kroppar
I 2017 lanserte Unge funksjonshemmede rapporten «Sex som funker – unges erfaringer med seksualitet og funksjonsevne».
– Den viser at mange ynskjer openheit om seksualitet og meir synleggjering av mangfaldet i samfunnet. Skulen, helsevesenet og mediene har eit ansvar for å normalisera at alle har ein seksualitet og at kroppar kan sjå ut og fungera på mange måtar, seier Remme.
Unge funksjonshemmede arbeider for auka openheit kring funksjonshemma sin seksualitet. Unge med funksjonshemmingar og kroniske sjukdommar skal sikrast tilgong til tilpassa kunnskap og rådgjeving kring seksualitet, seksualtekniske hjelpemiddel og fertilitetsproblematikk fortel Remme.
Les også intervju med Marianne Knudsen: – Personar med nedsett funksjonsevne er den mest diskriminerte gruppa i samfunnet
Snakkar for lite om sex
– Alle har ein seksualitet uavhengig av funkskjonsnedsetting, alder, kjønn, orientering eller kultur. Og alle har rett til å leve ut seksualiteten sin trygt og ope. Ungdom med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom har like stort behov for å snakka om kjensler og tankar kring kropp og seksualitet som andre ungdomar. Samstundes veit me at funksjonsnedsetting kan vera eit hinder for å få like gode tenester, eller informasjon om seksuell helse, seier Remme.
Ho fortel at ungdom med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom kan oppleva at seksualiteten deira er eit ikkje-tema.
– Mange ungdommar som me har snakka med fortel om helsepersonell og pedagogar som ikkje torer å snakka om sex. Konsekvensen av dette kan vera at dei seksuelle rettane til ungdom med nedsett funksjonsevne og kronisk sjukdom ikkje vert ivareteke. Difor er det viktig å bidra til openheit kring seksualitet.
Kvinner som møter fleire hinder
Ifølgje Remme er kvinnedagen særleg viktig for kvinner med nedsett funksjonsevne fordi det ofte vert gløymd at kvinner med nedsett funksjonsevne òg har eit kjønn.
Ho viser til ein forskingsrapport som syner at det ofte vert fokusert for mykje på funksjonsnedsettinga.
– Personar med funksjonsnedsetting bryt ofte med normene for funksjonsevne, men dei kan samstundes bryte med normene for kjønn, seksualitet og andre forventningar som vert stilt til ulike grupper i samfunnet, fortel Remme.
Ho understrekar at kvinnedagen er viktig nettopp fordi kvinner med funksjonsnedsettingar møter fleire hinder enn andre kvinner.
– Det kan til dømes vera behov for tilrettelegging i utdanning og i arbeidslivet, når ein deltek på sosiale aktivitetar, eller dersom ein vel å verta mor, seier Remme, som peikar på at kjønnsroller påverkar oss ulikt avhengig av dei ulike forventingane til funksjonsevne.
Les også intervju med Jerry Sesanga, som kjempar for kvinnerettar i Uganda: